- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
120

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

No fann Gregus Johnsen at hans Tid var komi; han
spurde blidslegt, um Herrane hadde lesi det siste Dikte
av Bjørnson. «Ja,» svare Ortvedt snøgt; men Daniel var
truskyldig og sagde nei; og so gav Gregus seg til aa
segja fram Dikte. Han deklamera stridt; og det vart
ikkje mykje Klapping. Men Haugum reis upp og heldt
ei Tale for Bjørnson som vekte slikt Samtykke, at Gregus
prøvde seg med ei Tale til um det Emne. Av den Tala tok
Hærland seg Tilføre til aa taka paa «Skandinavismen»;
Haugum lagde imot; men det viste seg snart at dei i
Grunnen var samde. Og no var dei komne so langt med
Toddyen, at dei tok til aa blidkast; og Lage skilde seg
sund. Ortvedt fortalde um eit Fyllelag som hadde enda
med, at Verten skaut etter Gjestine med Revolver;
Haugum og Hærland dryfte Riksstell; Gregus haka seg fast
i Daniel og greidde ut um si Vanheppe til Eksamen.
Han hadde vori uppe tvo Gongir; men det Daniel maatte
vita var, at han ikkje var skapt til Eksamenshest. Han
var skapt til noko anna, noko som han for sin Part
trudde var høgare. Han visste ikkje um Herr Braut
kunde vera med han paa, at Poesien var det høgste i
Live... «jau, jau,» ropa Daniel; «Poesien, — jau; det
er just mi Meining og; der er ingen Ting, som —!»

Gregus var glad yvi aa høyre det. Der var so mange
Filistrar no um Dagen, og det endaa millom Studentane,
Filistrar vilde han segja, som ikkje hadde Syn for dette,
at Poesien var den øvste Livsmagt. Men det forstod
Gregus; og ingin skulde faa han ifraa det. Aa spenne
han for Eksamenskjerra, det var som aa ... ja, han vilde
ikkje bruka det Bilæte han tenkte paa. Folk snakka um
Aandsutvikling, um Tanketukt... ja, Gregus hadde lesi
Filosofi og eit og anna slikt; men... Dei kjende ikkje
A a n d i desse Folk; dei hadde aldri kjent Aandi bruse
gjenom seg paa breide Vengir; Gregus vilde segja at dei

120

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free