- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
121

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde ikkje det, naar dei trudde at dei kunde binde
Aandi til Reglar og segja, at so og so skulde ein tenkje,
og so og so. Liksom Aandi ikkje gjekk sine eigne Vegar!

— «Ja syng, den! ropa Aslak Fjordan; «syng den!»
— Haugum sette i med roleg, mild Røyst; alle lydde:

«Jeg har baaret Lærkens Vinge,
jeg har sunget høit dens Sang;
jeg har følt jeg skal mig svinge
op til Paradis en Gang,
op til Paradis en Gang.»

Songen kom til rett tid; Haugum maatte syngje han
uppatt. Hugmilde og hugvarme sat dei og lydde og
drøymde uppatt sine Barndomsdraumar um Englane og
Gud Fader. Det kunde til Kvardags hende at dei kom i
Tvil um eit og anna i Kyrkjelæra; men i Stundir som
desse kom alt det gode og varme Hjartelage upp i deim,
og dei trudde som Born. Sjølve Hærland vart rivin med.
Blid-øygd og bringevarm sat han og lét seg glide inn i
fredsæle Kyrkjedraumar; sistpaa banna han paa, at dette
var det høgste og djupaste i oss, kor mykje me so stræva
med aa tvila og fornegte.

Um ei Stund var dei komne inn paa eit nytt Emne:
Kvinna. Eit lang Kapitel vart det. Dei gjekk heile
Skalaen igjenom, fraa «Ideale» — Skaal for Kjærasten!
«Mulmet sank, det svale» — og nedetter, til dei naadde
Botnen. Daa sette Ortvedt i med eit lite skralt, brestande
Maal og song um «Samson, som elskede Daliladalila,
daliladalila»; og no gjekk det laust; Daniel, som tenkte
med Hjarteverk paa si arme Berta Maria, kunde ikkje
rett like seg. Gjenom ein naturleg Tankegang kom dei
fraa dette inn paa uhuglege Ting, Sjukdom og medicinsk
Styggedom, so Daniel tilslutt sat reint og fælte. Daa
sagde Aslak «Skaal!» og slog i seg Resten av Glase. «Var
det det andre eller tridje?» lo han og laga paa nytt, og

121

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free