Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mana paa dei andre, at dei fekk sjaa aa koma etter.
Men daa Ortvedt endaa heldt paa med sine
Hospital-sogur, stod Aslak upp og sette i med eit Mæle som kunde
vekkje daude: «Sjung um Studentens lyckliga Dag.»
Visa kom til rettan Tid. Haugum reis upp og song
med; snart gjekk dei og dreiv paa Golve og song alle
ihop; men til Endes paa Verse kom dei ikkje; Samrøda
tok deim att, ein etter ein. Dei hadde fengi so mykje
aa tala um no; tvo og tvo eller tri og tri stod dei
burt-etter Golve og prata; og rett som det var maatte dei
burtaat Borde og «skaale». Det vart livlegare og
livlegare, og Rødune gjekk sterkare og sterkare, liksom
ein Sjø naar det aukar paa og blæs. Sume antra um
kvar det var best aa faa Middagsmat; andre disputera
um dei tri Personane i Guddomen. Og no kom det fram
mangt av det dei elles gjekk og tagde med. Pengesorgir
og Syndir, Narreverk og Daarskapar vart framlagde so
truhjartigt og heilt som dei stod for sin siste Domar.
Daniel kunde ikkje lenger bera sine Elskhugssorgir
aaleine; Gregus Johnsen lét Ortvedt vita at han arbeidde
paa eit stort Syrgjespel som skulde heite Keisar
Kaligula: «det var Fanden!» lo Ortvedt; «aut Cæsar, aut
nihil», sagde Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var
komin upp av sitt blide Lag, gjekk og lagde ut for
Haugum so Busti fauk, at Læra um Kristi Guddom var
ubibelsk. Og dei drakk Dus med heilag Ihuge, og heldt
av kvarandre og trudde paa kvarandre, og lo i store glade
Laattar aat ingin Verdsens Ting. Ender og daa sette dei
i med Sjung um Studentens; daa gløymdest alt anna, og
alle song med: låt oss fröjdas!» — men strakst koka
Drøse uppatt, og Verse vart aldri utsongi. Lufti stod tett
som ein Eim av Tobaksrøyk og Toddy-Eim; Haugum
fekk sett eit Vindauga paa Glytt; men det hjelpte ikkje
mykje. So klinka det paa eit Glas; ein eller ein annan
122
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>