Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
steig fram raudøygd og bleik og heldt ei Skaaltale for
det eller det, for den eller den; og daa Hærland hadde
trætta seg trøytt med Haugum um Kristi Guddom, heldt
han ei stor Tale for «dei velduge Ideane, som no som
ein Flaum braut inn-yvi oss fraa Europa». Det vart
mest Morgon fyrr dei slutta.
Men av slike Kveldar hadde dei fleire. Og dei song og
braaka og skifte Ord um alle Ting; slost um Politik og
store Spursmaal, so dei mest var Uvénir stundom; ofte
fekk dei Aslak Fjordan og Halvor Mosebø til aa stevjast,
eller Hærland til aa fortelja Eventyr paa Sognemaal.
Naar dei so pratande og smaasullande dreiv Arm i
Arni’burt gjenom Gata langt paa Natt, hadde dei mest
jamt ein Konstabel siglande i Hælane paa seg; «han
forstod det var Russ, og lura etter Bøtar,» meinte Hærland.
No skulde det fraa gamalt høyre med til Studenterlive
aa liggje i Ufred med Politie; men den Ufreden lét dei
vera; naar dei høyrde Konstabeltakten etter seg, vart
dei støde og aalvorsame som eit Formannskap. Den
gamle Bonderespekten for alt som lukta «Øverheit» sat
deim alle i Blode; ja Daniel vart fastande, naar han saag
Lovens Mann. Det kunde hende, at Aslak, naar han
hadde dugeleg i Hatten, fekk Hug til aa «godprate litt
med den Konstabelslusken», som han daa vilde «spretta
upp Ryggsaumane» eller «slaa Hovude ned gjenom
Halsen paa»; men daa hysja dei paa han alle ihop. Daniel
var so rædd at han var paa Live; det var ikkje godt
aa vita kva Veg det bar, dersom ein kom i Kløarne paa
Politie, meinte han.
Men elles kunde dei vaage seg ut paa ville Vegar.
Lausslopne fraa alle Tuktemeistrar, fraa dei strenge
Bondeskikkar og den gløgge Folkedom, totte dei at dei
burde bruka sin Fridom. Kristiania Nattliv stod for deim
som eit villt, lokkande Eventyr; ein burde kjenne dette
123
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>