Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
utrulege Varulv-Liv utanfor all Regel og utanfor all
Moral, utanfor det menneskjelege Samfund. So kunde
det hende, naar dei var kvike og kvate og Natti var
myrk, at Ortvedt nemnde «01 ovenpaa»; og so gjekk dei
dit, der dei «kunde faa 01 etter Klokka 12». Men det
hadde dei lite Moro av; Eventyre var ikkje noko
Eventyr. Jammerleg Kristiania-Prosa var det, Raaskap og
Rotinskap og Lukt som i ein Rennestein. Det var
utru-legt at slikt kunde vera til, og at Folk kunde bli saa
ulkeleg fæle. —
— Daniel vart snart leid av aa gaa paa Fyrilesningar.
Aa sitja der uppe paa det svarte Universitete fire fem
Timar kvar Dag og høyre paa endelause Utgreidingar
um Vinklar og Kategoriar, det var ikkje stort likare enn
aa vera i Skule. Ikkje lærde han noko heller. Han undrast
paa um det ikkje var slike Fyrilesningar Professor Darre
hadde meint, daa han tala um aandlaus Ser-Vitskap. Og
Filosofien, — ja den var ikkje til aa forstaa, som
Hærland hadde sagt.
Han gav seg til aa forsøme. Naar det leid til Eksamen
kunde ein plugge i seg det som turvtest av Bøkane; det
gjorde same Nytta. Og det vart mange som gjorde det
so. Andre-Eksamen var dessuten lett. Og hadde so lite
aa segja; ein kunde nytta si Tid betre; ein kunde sitja
heime i Ro og Mak og studere Menneskjelive gjenom
aandfulle Bøkar.
So gjorde Daniel det. Ikkje kvar Dag; Kjenningane
kunde undrast paa det; men ofte. Og det vart oftare og
oftare.
Dei «aandfulle Bøkane» fekk han laane av Gregus
Johnsen for ei Flaske 01 so daa og daa; etterkvart slo
han seg paa Romanar. —
— Men smaatt um Senn tok Pengane hans til aa
minke. Eit av tvo laut han gjera no etterkvart: sjaa
124
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>