- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
137

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var som Svartfod-Indianar: laag paa Lur langs Vegar og
Stigar og tok Skalpen av sin kjære kvite Bror so snart
dei saag s eg Kans til det. «Ja, det er visst sant det,»
sagde Daniel.

«Ja; slikt ligg me og slaast um her heime,» heldt
Rud fram. «Daapsformularar og gamle Talemaatar!
Ut-i den store Verdi, der hev folk anna aa tenkje paa.
Hev De lesi den siste Tala av Kastelar?» — Nei, Daniel
hadde ikkje det. «Ja, den maa De lesa. Det er ein
Stormann, den Kastelar.» — «Det er visst det?» — «Ein
Stormann!»

Sidan fortalde Rud um dei politiske Tilstand i
Frankrike. «Det er greidt, at all Ungdom heretter maa vera
republikansk,» 3lutta han. Daniel kunde ikkje finne noko
aa segja imot dette, og so svara han, at det var
rime-legt. «Er De Republikanar?» spurde Rud tankelaust.
«Aa... i Prinsipe maa eg segja —; elles hev eg ikkje
tenkt so mykje yvi det.» — «Nei,» sagde Rud med sin
klaare, fine Smil; «ein vert Fristatsmann i desse Dagar
um ein so ikkje tenkjer. Det ligg i Lufti, ser De.» «Ja,
det er visst so ?» svara Daniel.

Han sat og tenkte paa Haugum og hans Motgrunnar
mot Republiken, men kunde ikkje faa Tak i deim. Og
Rud var visst meir klaartenkt.

Um ei Stund sagde Rud: Gjeng De mykje i Teatre?»
— «Aa... sumetider.» — «Ja; kva segjer De um slikt
Stell?» spurde Rud. Daniel vart forundra; han hadde
inginting aa segja paa Stelle. Men det sagde seg sjølv
at Rud forstod det betre enn han ... «aa, det kann visst
vera mykje aa segja,» svara Daniel. «Mykje aa segja?»
ropa Rud; «det er ein Skandale!» Og han forklara med
heite Ord, at slik som Teatre no var styrt, so var det
eit reint Rengjebilæte av eit Nasjonalteater. Han tale
so myndigt og sak-kunnigt um dette, at han maatte have

137

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free