Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Rett; og som Daniel no var modig og mett, sagde han i
full Forundring: «at Folk vil finne seg i slikt!»
Rud smilte. «Me er dauve av oss, me Nordmennar,»
sagde han. «Det er vel so,» svara Daniel. Rud heldt
fram, laagt og løynvori: «elles er det ikkje sagt kor
lengi me finn oss i det heller.» — «So?» — «De maa
ikkje snakke um dette; men det kunde vel hende at
her ein god Dag... vart Leven.» — «Leven ?» — «Ein
Demonstrasjon, forstaar De ... ein Pipekonsert eller
eitkvart slikt... Vilde De i Tilfelle vera med ?» Daniel
kjende seg gjøld ved den Tiltrui Jens viste han og svara:
«Ja visst vil eg vera med.» Jens saag paa han. «Skal
det vera eit Ord?» — «Lat gaa.» — «Kor bur De?»
— Der og der. — «Godt, so skal De faa Bod, naar Tid
kjem. Men Tonn for Tunge so lengi?» — «De kann
lite paa meg,» sagde Daniel.
Daa dei kom ut, sagde Jens: «Kaffi?» og Daniel
gjekk med. Strakst etter kom han til aa tenkje paa, at
kannhende kunde han no paa ein fin Maate slaa Pengar
til Husleige. Han braastana og sagde: «aa nei; eg hev
nok ikkje Raad til dette. Eg slo sund den siste Dalaren
min i Dag, so no gjeld det aa spara.» Daniel vart eit
Grand raud; han trudde Rud maatte forstaa dette. Men
i ein forundra Tone svara Jens: «Kaffien er min,
veit De!» — «Aa — ja — takk,» mulla Daniel; han
hadde tenkt, at Rud hadde havt finare Teft i slike
Ting. —
Kafé Nasjonal var fast Samlingsstad for Frams Flokk,
og hadde stor Søknad av den «folkelege» Ungdomen.
Daniel saag etter Fram; men der var ingin her som han
kjende. Gjenom den halvopne Døri til det inste Rome
saag han eit Par Fyrar som kunde høyre til Flokken,
kannhende; lange var dei og lurvne og minte um eit Ord,
han hadde set i Bladi: «Røvere fra Apenninerne»; dit
138
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>