Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
inn tok Rud Vegen. Og der fann dei Fram; han sat
for Bordenden og skreiv. Jens og Daniel sette seg.
Daniel saag ikkje stort anna av Fram enn eit
urimeleg langt svart Haar, som hekk ned yvi Augo hans, og
som han stundom, men reint til Faanyttes, strauk upp
yvi Panna med Handi. Han var klædd i ein svart
Sid-frakke, som var blank paa Aalbogane av langt Slit og
eit Grand frynsut fram-med Hendane av same Orsak;
mager var Karen og sped. Paa Bordet framfyri han stod
ein ordrukkin Kaffikopp og ein Kopp Moltur;
Skrivepapir hadde han ikkje; han sat og skreiv paa Kanten
av eit gamalt Avisblad; Baksida av ein
Subskripsjons-plan hadde han skrivi full og lagt ifraa seg. Dei tvo
Røvarane sat og las Avisur; det var stilt i Rome; ein
høyrde berre Pennén skrasle og rive i det grove
Trykk-papire; Fram saag ikkje upp utan kvar Gong han var
burti Moltekoppen. Daa stirde Daniel forviten paa dette
lange, klaare, sterke Andlite og paa dei ljose blaae
Barneaugo og undrast paa, at dette skulde vera den
fæle Radikalisten dei tala so mykje um, og som Politie
etter Folkeorde vakta kor han gjekk, so han ikkje skulde
gjera Revolusjon paa opne Gata.
Etterkvart kom fleire av Flokken drivande; og det
vart meir livlegt. Ein skulde hava Kaffi, ein annan 01;
ein tok Brød attaat; han hadde ikkje fengi Middag, sa
han. Eit Par kom med Bøkar under Armen; dei brüka
aa sitja her aa lesa, av di dei ikkje hadde Ved heime.
Ein ung, fatig-fornæm Student bad um 01 av dei andre
«daa han ikkje hadde Kredit her lenger»; «hev du
Kredit nokon annan Stad daa?» spurde dei. «Fanden
heller,» svara den unge. Daa lo Karane; og Strand —
han med Brøde — meinte, at no kom daa vel Baardsen
endeleg til aa hengje seg upp, som han burde ha gjort
for lenge sidan. Den unge — Baardsen — drog paa
139
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>