Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Akslom; «det er ingin som vil borge meg eit Reip,» sa
han. «Du skal faa eit Sekkjeband av meg,» svara Strand,
«men naar du hev brukt det, vil eg ha det att; eg hev
snart Bruk for det til min eigin Hals.» — «Gjev meg
eit Stykke Mat, so skal me forhandle um den Saki,»
sagde Baardsen. «Fanden, eg er ikkje halvmett sjølv!
— Naa, din Slyngel, din Idiot, ver so god; gjev det
maatte forvandle seg til Graastein i din Hals og i din
botnlause Vombsekk!» — «Takk,» sagde Baardsen.
Daniel tok til aa like seg i denne flokken; dei var
Fant liksom han, men kunde taka det lett. «Aa du,»
sagde Fram til den eine Røvaren, «kom hit med det
Filleblade ditt!» — «Eg hev ikkje lesi det,» knurra
Røvaren. «Kom med det!» kvesste Fram i; han maatte
hava noko aa skrive paa! Den andre reiv Blade i tvo
og gav Fram Lysingssida. Under dette kom det eit Par
Ungdomar inn, som Daniel dømde var Teologar, og som
nok ikkje høyrde til Lage; dei sette seg ved eit mindre
Bord burtmed Vindauga, og Skjenkjedeigja kom med
Kaffi til deim. «Johanne!» sagde Fram, «kor mange
Koppar hev eg faatt no?» — «I Dag, meiner De?»
— «Ja?» — «Seks.» — «Lat meg faa ein til, Johanne.»
—«Berre ein?» spurde ho og lo til dei andre med sine
kvite Tennar. «Ein i Senn,» nikka Fram og skreiv.
Men daa Kaffien kom, lagde han Pennen fraa seg.
Han rette seg upp og saag seg ikring; Daniel lagde
merke til, at han ikkje hadde Halskrage; so gav han
seg i Ferd med Kaffien. Og daa den fyrste Torsten var
sløkt, sagde han til Baardsen: «Du Baardsen? Eg vil
segja deg det, at dersom du hengjer deg upp no, so gjer
du ei god Gjerning; for ein Laban er du, og ein Laban
vert du; men... lat no det vera godt. Vaarherre hev
Bruk for altslags Folk; han hev bruk for Teologar og,
maa ein tru.» Dei forstod strakst kor han vilde av; dei
140
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>