Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tvo unge Teologane, som sat der burte so reinstrokne og
strame, lokka nok altfor sterkt hans Vikingnatur.
Serleg maatte den eine vera Fram lysteleg aa sjaa til; det
var ein sann Teater-Teolog, med svarte Kisteklæde og
Engleslips; det vesle magre og samanbitne Andlite bad
i alle sine Rukkur og Munnvikir Vaarherre fri seg fraa
Verdi, og han heldt seg so stiv som han skulde ha svelgt
eit Økseskaft.
Det var desse Karane, Fram vilde egle seg innpaa.
Han smaafikta mot Teologar og Teologi, so det var
ikkje greidt for unge teologiske Studentar aa høyre paa;
i Fyrstningi gjekk det smaatt og halvt paa Lentur; han
kunde smile som eit Barn yvi sine kvasse Ord; men
Augo glødde upp sümetider, og han vart harskare og
harskare. Snart kunde Guten med Øseskafte ikkje halde
seg so høg og bleik som fyrr. Han raudna og raudna.
Vart meir og meir ladd, med Sanningshüg og med Sinne;
Gong paa Gong saag det ut til at no kom han; Gong
etter Gong svelgde han Harmen i seg att; endeleg
braut det laust; han kunde ikkje meir. Fram dreiv paa
med, at Prestane skulde vera Folkelærarar; dei skulde
vera som dei gamle Rasjonalistprestane, som lærde
Bonden dyrke Jordi; det var anna til Kultur det, skulde
han tru, enn desse Haruspelcsane no um Dagen, som
var ljosrædde som Rotta, og berre kraup inn til Altare
og laag og mulla yvi Mysterie; daa kom Økseskafte.
«Undskyld,» — maatte han vera so fri aa spyrja, kven
det var som hadde gjenomført den nye Skulelovi? Og
kunde det vera rett aa kalla deim som det hadde gjort,
for ljosrædde? — Daniel fekk med ein Gong Vyrdnad
for Økseskafte. Men Fram snudde seg aagangsfus til
den vesle Teologen og sagde, at det um Skulelovi var
noko Humbug! Og han lagde ut paa sin sereigne Maate,
stundom strævande, og so harskt og braadt; at det ikkje
141
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>