Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var Prestane som her hadde Æra; den nye Skulelovi
var skapt av Folkekrave nedanfraa, fraa Skulemeistrar
og Klokkarar; Lovi var ei Frukt av Skulelærarmøti
kring Lande og av det Liv som var vakt av Ole Vig;
Prestane, dei hadde stødt rengt Augo til dette Live; og
paa Lærarmøti hadde dei, um dei stundom møtte upp,
protestera og skræmt ned all fri Tale og studt
Faa-kunna so godt dei vann, Faakunna nedanfraa,
Kjering-krave at Pontoppidan skulde vera Storboki i Skulen. Det
hadde Prestane gjort! Men dei som hadde ført Orde
for Skulelovi, det var slike Folk som Klokkarane fraa
det vanvyrde «Klokkaramt»; og dei som hadde gjort
at her no var meir Upplysning i Lande, det var dei
som Teologar og andre fine Folk kalla halvstudera
Røvarar, denne Fylking av Arbeidstrælar, som sleit og
arbeidde fraa Morgon til Kveld for Maten i Munnen
og knapt Dalaren um Vika, og som maatte sveite noko
anna enn den store Upplysningsutbreidaren Presten, som
paa eit Korter fekk sitt Upplysningsarbeid med aa vigje
Folk ihop betalt med 5 Dalar Pare, ofte for ei Tale
som ikkje var tvo Skilling verd. Vilde nokon koma
med, at Skulemeistrane kunde gjera betre Arbeid enn
dei gjorde, so vilde han berre segja, at Skuldi for det,
den hadde ingin annan enn Teologane; for dei var
Lærarar paa Seminarskulen; og der hadde dei proppa
Unggutane fulle med Dogmatik og tullut Katekiseringsøving
og paa den praktiske Vegen med toskut Tavlerekning
med so og so mange Strik i den resiske Regel og kva
anna Tull dei heitte, desse Teologrekningane fraa
Seminarie. Og likevel hadde Skulemeistrane gjort mykje
Gagns Arbeid; so det maatte vera To i dei Kultane,
naar dei kunde halde seg so godt mot den teologiske
Tanketyning. «Det er naturlegt nok,» sagde Økseskafte,
med raud Skalle og skjelvande Munn, «at alt som heiter
142
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>