- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
148

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utan eit Ord tok han ein Femmar upp og gav han.
«Takk, takk ...» «Er det nok ?» spurde Jens. «Ja, ja;
takk...» han kunde ikkje segja meir; var glad,
skamfull; sette av Stad som han skulde ha stoli dei fem
Dalane.

Men den Dagen hadde Daniel lært, at ein djerv Kar
kunde fikte seg fram for ei Tid med Smaalaan.

Han fekk freiste med det. Her var ikkje anna fyri.
Betala skulde han so snart han fekk Huslærarpost;
ingin skulde bli snytt. Og ein Post maatte han vel
kunna faa, han som andre. —

— «Det er sant, du skulde ikkje kunna vera av med
ein Dalar eller tvo for ei Tid ? Eg skal ha nokre Pengar
av ein Mann; men han hev narra meg, og eg er so i
Beit!» So paa Lag lydde den Leksa som Daniel no eit
Bil livde paa. Med sviktande Tunge og raudnande Andlit
las han ho upp; han visste han laug, og han visste at
han ikkje var velkomin. Men ... naar han var nøydd
til det, so —; og inst inne var der ein halvtenkt Tanke
som skaut Skuldi yvi paa Vaarherre.

Paa Fyrilesningane gjekk han oftare enn fyrr; det
sparde paa Veden. Um Ettermiddagen sat han for det
meste paa Kaffikjellaren. Der var det varmt; og der
raaka han Folk; stundom vanka det 01; og i Bladi
kunde han sjaa etter um der var «noko aat honom». Det
var der ikkje; men so hadde han daa Samvite fritt.

Paa Universitete var det ein Dag utlyst ein ny
Huslærarpost, og Daniel vreid seg ved Tanken um, at den laut
han vel søkje. Men daa han las etter, saag han, at
Huslæraren skulde kunna Engelsk, og det kunde ikkje han.

So var ikkje der noko aa gjera. Og ille var det. Men
det kunde vel snart koma eitkvart som var likare.

I Framsflokken møtte han ofte upp; det var so fritt
i det Lage. Og mykje var der aa høyre. Fram var noko

148

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free