Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
reint for seg sjølv; Daniel var stundom mest rædd han.
Han sagde det han meinte beint ut; og um ein lika det
eller ei, høyre paa det maatte ein. Men uvyrdin kunde
han vera; ikkje minst forarga vart Daniel naar han tala
um «Studenterhumbugen» og «Latin-Tulle». «Dei
snakkar um halvstuderte Røvarar,» sa Fram; «men maa tru
kor det finst mest av deim. Kva kann vera meir
«halvstudert» enn alt dette Humbug som driv upp til
Andre-Eksamen og kan snyte til seg ein Tvoar eller Einar i
Filosofi f. Eks. Ja, det er feite Filosofar. Dei lærer
Filosofien paa eit Par Dagar, og so gjeng dei upp.
Svarar dei noko som dei tenkjer sjølve, so gjeng det
Skit; men svarar dei noko som dei slettikkje skynar,
men hev lært i Boki, so er alt godt og vel. Eller i
Astronomi. Me kjenner alle desse Kultane som kjem stupande
i Graalysingi upp til Manuduktøren og skal pugge inn
nokre Formlar, som dei snyter dei stakkars einfalduge
Professorane med. Dei fær store lange Uppskriftir, som
dei lærer eit Par Timar fyriaat og gløymer eit Par
Timar etterpaa og aldri meir ser paa. Kor finn me i
Live so mykje Sprett og Spjaak som hjaa Studenten?
Inginstad. Gakk ut og sjaa paa dette unge Livshaap
upp og ned Karl Johan, med Kjenk og Vrid og Kast
med Augo, med Glas paa Nasen, med Stav i Hand, med
klint Haar, med Dusk i Huva, med Vott paa Haand,
med Spjaak og Sprik som kvar Mann kann sjaa er deira
Livs Maal. Gakk ut um Kvelden, daa dei ferdast paa
Utkantane og i Krokane og paa Husi; — og alle desse
skal ein Gong ut og preika Gudsfrygt og Sedelegheit og
Lydnad mot Lovi. Gakk ut um Kvelden og sjaa paa
alle desse Juristane som tergar Politie og vert førde paa
Raadstoga og mulktera; og desse skal vera dei som
skal halde Lovine uppe. Og heile denne Tomheit, og
Tomheit paa Tomheit, den skal Bonden betala; og so
149
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>