Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjeng dei endaa og slær paa Nakken og fryner med
Nosi og snakkar mn raabarkede Bønder og halvstuderte
Røvere og segjer, at det er dei som sitt inne med
Kulturen!» — Slikt hadde Daniel aldri høyrt Maken til.
Det kunde vel vera eit og anna sant i det; men
-r-segja det! Og segja det paa den Maaten!
Men naar Fram tala um den sanne Studenten og hans
Gjerning, daa kunde han tala so vent, og attaat so
klaart, at Daniel vart sitjande reint einstird. Der var ei
forunderleg Magt yvi denne Ungdomen; han var
eldfull og harm som ein Profet, og sterk og rik i Ord som
ein Diktar, og tankekvass so det lynte um han. Og
Augo var so reine og varme, og Andlite so sjælfullt og
skiftande. Naar han tala um Trui, maatte Daniel tidt
tenkje paa det som skrivi stod um falske Profetar og
um Djevelen i Engleham; for Fram var faarleg. Han
kunde snu sine Ord so godt, og fekk sine Grunnar til
aa sjaa so rimelege ut, at Ormen i Paradis kunde ha
gjort det betre. Daniel lydde paa han med halvlystin
Ræddhug som Eva, daa ho lydde til det faarlege og
fagre: «de skal verte som Gud»; han visste fraa sin
Barnelærdom, at alt det Fram sagde um desse Ting var
Lygn og Forgift; men endaa var det lokkande aa høyra
paa som det skulde vera Gudsens Sanning.
Teologen Ellingstad, som høyrde med til Klikken,
lagde imot; og Daniel totte han gjorde det godt, og
kjende seg trygg naar han tala. Men daa vart Fram
som Eld og Glod, skræmeleg sterk, stundom stygg; og
det nytta ikkje aa koma med Sanningi til honom; for
han tok alt reint bakvendt. Kannhende var han alt
komin so langt, at Gud hadde forvendt Syni hans, so
han ikkje skulde sjaa ? Men ein Gong sagde
Ellingstad at han sjølv tvila um mangt, og at anten vart
han ein fanatisk Høgkyrkjemann, eller so vart han ein
150
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>