- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

verre Fritenkjar enn baade Fram og dei andre; sidan
totte ikkje Daniel at Ellingstad greidde seg so godt
mot Fram, og kjende seg ikkje lenger so trygg naar
han tala.

Ein Ting var det som Daniel etterkvart tok til aa
tenkje paa; og det var Læra um Djevelen. Han kunde
nok gjerne vilja sleppe ifraa den Artikelen. Men han
kom etter, at gav han upp Djevelen, so laut han med
det same gjeva upp ymse andre Ting, ja kannhende alt;
det var som Djevelen var Grunnsteinen i Bygningen.
Og so tenkte ikkje Daniel meir paa dette.

Men Republikanar vart han; for det kunde ikkje vera
so faarlegt. Og etter det han kunde skyna, hadde Fram
Rett her. Det var rart at so mange kloke Folk var
imot Republiken. Men naar han vart uroleg yvi dette,
trøysta han seg med, at Fram var Mann for aa verja
baade seg og sine, um det kneip.

Det var mange Slags Folk som gjekk her, og ymist
Skrap. Var det ein Arming som var komin paa Kant
med Verdi og inkje aatte og ingin hadde aa halda seg
til, so kom han gjerne til Fram; og Fram kunde aldri
segja nei, men laante sine Skillingar burt til kven som
bad, og kravde deim aldri tilbake. Paa den Maaten sanka
han um seg ein underleg Hop av Vrak og Villstyringar,
som fylgde han som ein lang Skugge; men dette var
ikkje «Klikken». Klikken var ein liten utsøkt Flokk av
Idealistar, Bystudentar og Bondestudentar um
kvarandre, ein modig Fylking som trudde paa Tanken, elska
Framtidi, hadde Fridomen til Tru, Bjørnson til Skald,
Fram til Rudningsmann, det nye Norig til Her-Rop;
norsk-norske var dei paa Kar, og europæiske paa Kar;
det var den beste Ungdomen i Norig.

Av Kjenningar raaka Daniel Hærland og Gregus
Johnsen, sidan Aslak Fjordan, Markus Olivarius, Halvor

151

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free