Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Mosebø og Sven Dufva. I «Klikken» vart Daniel lagd
Merke til og stundom tekin med, av di Jens Rud hadde
store Tankar um Guten; men dei Tankane hadde Jens
Rud fraa Verbror sin, Kapellan Hirsch. —
— Det leid til Joli; Daniel hadde fikta seg ihop ei
heil Gjeld. Livemaaten hadde vori skral, og han hadde
svolti meir enn ein Dag; men han hadde daa paa ein
Maate berga seg.
No tok det til aa knipe. Den eine etter den andre
av Kjenningane for fraa Byen. Og med brennande
Skam hadde han gaatt etter at dei heldt seg ifraa han i
seinare Tid; eit Par hadde beint ut sagt, at dei ikkje
kunde laane ’n fleire Pengar. Han kjende seg meir og
meir arm og forkomin. Sistpaa, daa Joli stod for Døri,
og han ikkje visste nokon annan aa gaa til, gjorde han
seg hard og gjekk paa Fram. Det var det verste han
hadde gjort; men han gjorde det. Og han fekk ein
Dalar. Daa den var uppetin, gjorde han seg uvyrdin og
gjekk paa Fram ein gong til. Han kunde ikkje anna!
Han maatte liva! og dette skulde vera siste Gongen!
Fram aatte eit Halvdalarstykke; det fekk Daniel. Men
han torde ikkje koma i Klikken sidan.
Skamfull, meir og meir skamfull kjende han seg. Det
var ingin ærleg Livemaate dette; ein kunde ikkje halde
paa soleis. Han fekk sjaa seg um for Aalvor etter ein
Post. Studenterlive fekk det vera med til sidan.
Kvar Dag gjekk han paa Universitete og saag paa
Uppslagstavla; kvar Morgen, naar han var trygg paa
aa ikkje raake Fram, gjekk han paa Kaffikjellaren og
saag i Bladi. Der var inginting. No daa det kneip, var
der inginting. Han sparde og knipte paa den siste halve
Dalaren sin som ein Prakkar; livde paa Vatn og turt
Brød. Men Halvdalaren tok Ende likevel; og so stod
han der, reint paa berre Bakken.
152
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>