Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det var ein sur Slafsedag i Januar. Han var svoltin
og han fraus! Ved hadde han ikkje; den siste
Brødskanken fekk han gøyme til i Morgo. Att og fram i
Gata gjekk han og slong, slunkin og hol, vaat paa
Føtane; Middag hadde han ikkje fengi paa fleire Dagar.
I Kveldingi luska han inn paa Kaffikjellaren, snikjande
og rædd som ein svoltin Hund; der var ingin han kjende
Skulde han freiste mn han kunde faa paa Borg? Han
torde ikkje. Ein vart so underleg modlaus naar ein
ikkje aatte Mynt; han rusla. Dreiv att og fram paa
Gata og tenkte paa, um det daa ikkje skulde vera ein
einaste han kunde gaa til. Daa hugsa han paa sine
„ gamle Kjenningar Ole Bentsen og Peter Dirk.
Gudskjelov! Der var ein Utveg. Dei vilde ikkje segja nei til
ein gamall Kammerat.
Han vart so glad og lett at han sette i Veg og vilde
finne deim med ein Gong; dei budde paa Hægdehaugen.
Men daa han kom der upp, var dei ikkje heime. Tung
og trøytt gjekk han heim og lagde seg. Men han var
so svoltin at han fekk ikkje sova. Han maatte sistpaa
upp og eta i seg den siste Brødskanken sin. Daa sovna
han endeleg. Og sov tungt og lengi.
Han stod upp brennande svoltin, drakk tri Glas Vatn
og rusla i Veg. Daa han kom upp til Hægdehaugen, var
Ole Bentsen og Peter Dirk nettupp utgjengne. Dei kom
att ut paa Ettermiddagen ein Gong.
Daniel var so klar at han knapt kunde halde seg uppe.
Men Time etter Time gjekk han og drog seg; svabba i
Snøløysa Gate upp og Gate ned, til dess han kunde
tru dei var heimkomne. Det var ein syrgjeleg Dag.
Mat, Mat var hans einaste Tanke.
Sistpaa orka han ikkje meir. Det sleit for Bringa av
Svolt; han var so utmødd at han svimra; yvi Augo laag
som ei heilt Tyngd. Han fekk upp og høyre etter.
153
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>