- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
154

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Med Møde og Stræv naadde han Huse; han var so
veik i Knei. Gudskjelov. Dei var heime. Han pusta
ut so godt han kunde og stivde seg upp; han vart so
bljug der han stod. Det var nok ikkje sagt kor velkomin
han vilde vera; og desse Karane hadde han aldri havt
noko Lag med. Og no kom han og vilde laane Pengar.
Men ein fekk gjera seg hard.

Han banka paa og steig inn. Godkveld. Der var myrkt
inne; dei kjende han ikkje; «Godkveld?» svara det
spyr-jande. Det brann koselegt i Omnen; her var so varmt
at Daniel svimra. Han gjekk fram og tok Ole Bentsen
i Handi; «De kjenner meg kanskje ikkje att?» spurde
han; Mæle vart so underleg holt og klagande. Peter
Dirk, som laag burt i Sofaen og røykte, reiste seg og
kveikte Ljos; Ole Bentsen drog etterkvart Kjensl paa
Daniel og sagde: «aa — er det... so sjeldsynte Folk
som er ute og gjeng?» — Daniel raudna og sagde at
dei budde so langt av Leid. Han hadde ofte tenkt aa
sjaa uppum deim; men ... Tidi... So gjekk han burt
og helsa paa Peter Dirk. «No, kor gjeng det?» sagde
denne. «Aa Takk.» «Sit ned»; han sette seg.

Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten; glytte
so til kvarandre med ei serskild Augnebragd. Dei hadde
høyrt at det skulde staa smaatt til med Daniel
Sør-braut; no fekk dei sjaa det. Han var gul. Kring Augo
laag ein breid, sjukleg Ring. Og dei raude ruskute
Skjeggflisine gav Andlite noko villt og forkomi. Peter
Dirk vart so tekin av det han saag, at han gløymde
seg sjølv og spurde Daniel, um han vilde hava eit Glas
01; «takk!» sagde Daniel og raudna av Glede. «Eg trur
me hev etter ei halv Flaske sidan Middag,» sa Peter
med ein uroleg Glytt burttil Ole; denne nikka. «Me
held Middag heime sumetider,» sagde han til Daniel;
«ein maa laga Munnen etter Skreppa, veit De.» — «Det

154

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free