- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
155

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er vel so,» svara Daniel; han vart gul att. Peter Dirk
drog upp den halve Ølflaska og slog i; men han slo berre
i til tvo. Dei vil ikkje drikke med meg, tenkte Daniel;
men dess meir fær eg. «Ver so god!» sagde Peter til
Daniel og Ole. «Nei ver so god du,» sagde Ole til Peter.
Peter tok Glase og nikka til Daniel; denne reiste seg,
steig ustødt burttil Borde, tok Glase med dirrande Hand
og tømde det. Aa Herre Gud, kor det smaka. Og kor
det gjorde godt! Den, som berre hadde havt ein
Matbite attaat... Med det same saag han at Peter berre
so vidt hadde smaka paa sit Glas. Daniel skjemdest;
orsaka seg: «det er godt aa faa 01 naar ein er tyrst.»
— «Aa ja—a,» sa Ole Bentsen.

Daniel gav seg i Drøs; Øle gjorde han modig. Og
so galdt det aa faa Karane i Lag. Ole Bentsen sette seg
i Ruggestolen framfor Borde og tagde; Peter Dirk lagde
seg i Sofaen og røykte og svara ja og nei. Dei skyna
so godt kva han vilde. Han hadde det Lage som
merkjer Armingen, naar han er ute og skal «slaa Pengar»
og veit, at det er smaatt med Tiltrui, — dette snakande
og nærsøkne og attaat undergjevne; han prata og prata
um slikt som dei kunde like; gjorde seg kjend og
kam-meratsleg; heldt med deim i eitt og alt, liksom Hunden,
som dillar med Rova; dei sat og ynskte Fyren til
Bloksberg og vart meir og meir tagalle.

Daniel saag, kor lite dei brydde seg um det han sagde;
og etterkvart som Øle seig av han, vart han arm og
faa-mælt som fyrr. Han sat og liksom seig ihop paa Stolen;
Mæle vart veikt og sviktande. Mindre og mindre Mod
fekk han til aa spyr ja um Pengar; men... skulde det
ikkje lata seg gjera aa setja seg til aa venta til
Kveldsmaten kom ? Daa kunde dei ikkje for Skams Skuld anna
enn beda han med seg ...

Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde Augo til

155

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free