- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
156

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kvarandre. So reiste Peter seg upp og saag paa Klokka.
«Kor mange er ho?» spurde Ole Bentsen. «Halv seks,»
svara denne. «Aa, so mange?» sagde Ole; «ja daa fær
eg nok til aa lesa.» «Ja, enn eg daa?» sagde Peter
Dirk. Daniel forstod. Han vart myrkraud i Andlite og
stod upp. «Ja ... lid det so langt, so ... fær nok eg
og... heim og lesa,» sagde han. «Aa ja, det er lang
Veg,» meinte Ole Bentsen. «Ja.» Daniel stod og vreid
seg; skulde han vaaga det? Aa ja; han fekk ikkje meir
enn nei ...kunde ikkje gaa heimatt med tome
Hendar; hastande, snaavande lagde han i Veg: «eg hev langt
heim, ja; og so skulde eg dessutan heilt upp i
Professorbyen ... eg hev ein Kjenning der som eg skulde hava
nokre Pengar av; men han var ikkje heime i Dag; og
no maa eg —. Men seg meg... det er lang Veg, og
myrkt og stygt Føre... De skulde ikkje kunna hjelpe
ein Kammerat med eit Par Mark til i Morgo, De? Han
stod og fingra og snudde paa Luva si og saag ut som ein
Tjuv. «M—nei,» sagde Ole Bentsen stilt og blidt;
«san-deleg um eg hev so mykje. Eg hev venta Pengar no i
fleire Dagar; men eg forstend ikkje, kva dei tenkjer
paa der heime;» og til Trygd for sidan lagde han til;
«eg hev sandeleg sett meg i so mykje Skuld no, at
naar eg fær Pengar, so gjeng dei med same. Men,
korleis er det med deg, Peter? Hev du noko?» Peter Dirk
sette upp eit skjemtefullt Andlit, drog fram
Penge-taska si; opna ho, krengde ho; spilte Augo upp liksom
i Forundring... det datt ut ein Knapp. Peter Dirk
blistra. Daniel lo haast og saart. «Naa, ja-ja,» sagde
han med bibrande Munn; «so fær eg burtum den andre
... Det er noko langt, men... Ja Takk for i Kveld.»

— «Sjølv Takk. Vel heim!» — «Takk. Godnatt.»

— «Godnatt, Godnatt!» —

— Han steig ned Troppi med Ryggen krylin av Skam

156

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free