- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og svikne Vonir. Han grét mest daa han kom ut. No
hadde han gjort seg til Bikkje for eit Bein, og hadde
ikkje fengi Beine. Seint og syrgjeleg seig han ned etter
Gata. Ein full Mann stana upp midt fram-fyri han: «er
’n rædd, Gut?» Daniel smøygde seg framum. Tvo glade
unge Herrar kom spantande og røykte Sigarar som
lukta svimrande sterkt: dei fyllte upp Fortoge so Daniel
laut ut i Gata. Tenestegjentur kom berande med
Mjølkespann og Korgir fulle av Flaskur og Brød; det var so
vondt aa sjaa; Augo hans saug seg fast i dei Korgine.
Alle Folk hadde Mat; alle Folk livde godt; ingen hadde
ein Bite til honom.

Utanfor ein Hushaldshandel stana han; Krambui var
full av Folk. Han saag med svoltne Augo paa all den
Maten som vart langa ut yvi Disken, Brød, Smør, Ost,
Pylsesnabbar, Ølflaskur, Kaffifjordungar, Gryn, Erter,
Flesk, Egg; og han stunde av Hunger. Med ein saar
Sukk drog han seg fraa Døri, men stana ved Vindauga.
Studde seg til Veggen; var so trøytt. Aksline verkte;
Knei bar han snart ikkje. Aa, aa, eit Grand Mat; aa,
berre lite turt Brød og eit Glas Vatn... Han stirde med
Feber i Augo paa alle dei gode Ting som var uppsette
i Vindauga; store Glas fulle av Kjeks, Drops, Sviskur,
Sukker; paa ei Snor øvst uppe hekk digre, herlege
Spike-laar, og i ei stor Korg var det Brød, store, lækre Brød,
brunsteikte og ferske; Livsens Brød... Han stod og
stirde; drøymde; tenkte seg den Tingen aa klembe ut
ei Rute... med ein Tjøreklut, so Glase ikkje skulde
single... og taka — taka det Brøde der som laag so
gullfagert og lokka; so vakna han. Kulsa og fraus;
samla seg ihop; sjangla i Veg att. Heim og leggje seg.
Han var sjuk. Den som berre kunde faa sova. Hadde
han havt Berta Maria no, skulde han bedi henne um
Mat i Kveld. Ho hadde ikkje sagt nei. Aah; aah...

157

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free