Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ned gjenom Homansbyen sagga han med seine Stig.
Gata var full av Folk; alle skulde dei heim og eta. Det
var kaldt og surt. Men Ljos var det i alle Vindaugo.
Og ei søt Lukt av friskt Brød og andre Matvarur slog
ut fraa Krambuine som Luftningar fraa Paradis, kvar
Gong Dørine gjekk upp. Kvar skulde han gjera av seg
i Morgo? — Gaa til Pater omnipotens? — Ja hadde
han berre vori innvend... Men kannhende ... naar han
vakna, kom Postmannen med ein gul Setel: Til Hr. Stud.
filos. D. Braut er ankommet Brev, paategnet... 10 Spd.»
10 Dalar; Brød, Smør, Mjølk, nei 01; Ost, nei; heller
ein Pylsestubb ... eta godt... so til Skomakaren ... nye
Sko, tvo Dalar ... so Middag ... aa, aa, Middag! God
varm Middag; kjenne seg god og mett. Og so ei ærleg
Pipe! — Nei, nei. Det vart verre naar ein drøymde.
Ikkje tenkje paa Mat. Ikkje tenkje paa Mat...
Der var noko som var viktugare enn Maten. Tjah.
Um dei blés han so full av Aand at han vart som ein
Luftballon, — han vilde vera like aandlaus for det, so
lengi han ikkje fekk eta ...
Heime paa Lande hadde dei det godt. Alltid sitt
visse Bord aa gaa til. Det kunde vera trongt i andre
Maatar; men Mat hadde dei. Kneip det, kunde dei
slagte ei Ku. Dei svalt ikkje. Det var ikkje for ingin
Ting at dei gamle heldt Brøde heilagt, og tala um
heilage Uksar...
Kjempune hjaa Homer, naar dei vart svoltne, so sette
dei Uksar paa Spit; brasa og steikte og aat; fyllte seg
med ungt Kjøt og den søte Vin; det var minst fyri aa
vera Kjempe paa den Maaten. Daniel saug paa Tunga
si. Han kjende Smaken av ungt Kjøt og søt Vin, so
Tennane vatshagla.
Han seig paa, seig paa. Kjende seg hol som han
kunde gaa tvert av; og Aksline verkte som det var Eld
158
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>