- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
159

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i deim. Sigarrøyk dreiv sterk og heit ikring han;
Piano-spél klunka ut fraa alle Stogur. Det var so vondt aa
høyre; der inne sat Folk og hadde det varmt og lognt.
Skulde eta godt til Kvelds. Og so hava sin Toddy. Han
fraus. Han kjende den snøsure Januarlufti like inn
paa Skinne.

Han var komin ned i Teatergata. Det tok til aa bera
imot att. Men han var for trøytt til aa gaa seg varm.
Ingin Stad kunde ein gaa inn heller, naar ein ikkje
hadde Pengar.

Der uppe laag Trefoldigheds-Kyrkja. Der var Ljos.
Der kunde han gaa inn og kvile seg ? Ja. Der kunde
ingin jaga han ut, um han ikkje hadde Pengar. Og
kann-hende han der raaka ein Mann som vilde laane han tolv
Skilling...

Han drog seg inn. Der var visst Bibellesning. Den
fyrste tome Stolen han saag seig han ned i. Aa Gud,
so trøytt han var. Der gjekk Skjelte-Ridir gjenom han;
han svimra som han kunde daane; seig ihop der han sat.
Og lét att Augo. Men for dei attletne Augo dansa i
lange Radir Brød, gulbrune, velsteikte Brød i Korgir og
Brød i Kassur... Den som hadde eit. Den som fann
eit slikt paa Borde sitt naar ein kom heim. Desse andre
som sat her, dei skulde heim og hava Te og 01 til
Kvelds. Med Smør og Brød og tri Slag Ost. Og
upp-skori Kjøt. Kannhende ein litin Rett Torsk fyrst. Dei
kunde nok vera gudelege. Kva var det for noko dei
song? Han kunde ikkje skilja Ordi. Men kvar Gong
dei kom til Slutten av Verse, tottest han tydeleg høyre
noko han no hadde halvveges gløymt:

«thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’,
naar de monne sødeligen so—o ve.»

Ja; det kunde dei syngje. Han for sin Part hadde
aldri set noko til at det kom Mat eller Klæde naar ein

159

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free