Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
laag og sov. Men slike Folk som desse, som ikkje var
med i Framsflokken, og som ikkje livde det ideale
Studenterliv, dei fekk visst baade det eine og det andre.
Dei saag ut til det. Dei var baade velfødde og
vel-klædde; det lønte seg aa vera gudeleg. Ein Kandidat
eller noko slikt kom upp paa Preikestolen og lagde ut
noko som Daniel ikkje fekk Grunn i. Han høyrde sumt;
men sumt kom burt i den Omen fraa alle Veggir som
svara Talaren paa kvart eit Ord, og gjorde at Tala
liksom maatte vasse seg fram gjenom ein tung
Motstraum. Og sümt kom Daniel ikkje til aa høyre, av di
den svidande Svolten drog Tankane hans burt.
Med ein Gong kvakk han upp og gav seg til aa høyre
etter. Talaren fortalde um dei ugudelege, som livde villt
og sette alt sitt Gods til i ein syndefull Livnad; og naar
dei hadde øydt upp det dei aatte, so tok dei kannhende
Klædi av Kroppen og gjekk til Pantelaanaren med, so
dei kunde faa noko aa synde fyri. Pantelaanaren! Det
Orde vekte Daniel. Der var ein Utveg. Endaa kunde
han faa Mat fyrr han gjekk i Seng.
Hadde han berre noko aa setja i Pant? — Bøkane
kunde det ikkje nytte med; dei var gamle og skrale.
Vinterfrakken — trong han altfor hardt til; Klokke
hadde han ikkje. Men Duskeluva? Ja den ... Han reis
upp; kunde knapt staa, men tok seg paa Tak; ut or
Kyrkja bar det; heim etter Duskeluva; og so til
Pantelaanaren so snøgt han orka.
Han venta aa faa ein Dalar paa Luva si. Det fekk
han ikkje; han fekk tvo Mark. Men tvo Mark var
Pengar det au; Daniel kjende seg heilt rik daa han gjekk
ut or Pantebui. Med ny Kraft og snøggare Stig gjekk
han paa Kaffikjellaren og fekk døyve den verste
Svolten. Paa Heimvegen kaupte han Brød og 01; daa han
kom heim, aat han endaa ein Gong.
160
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>