Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
God og varm og underleg utmødd sat han der og
halvsov; Øle han hadde drukki lagde noko mjukt og varmt
um Panna hans mest som Ull.
Men han hadde vondt i Hovude.
IX.
Dagen etter var Daniel sjuk.
Hovude verkte med Tyngd og Klembing. Halsen var
saar og vond. Ein sterk Krimsmak kleimde seg gjenom
Munnen. I Sida sat ein litin kvass Styng; Feber æste
gjenom Blode. Han visste med seg sjølv at han vakte;
laag endaa og talma seg med den Tanken at han hadde
broti Studenterlovnaden sin daa han sette Duskeluva i
Pant for Mat; men underlege Synir dreiv gjenom Heilen
hans; og stundom misste Tankane Fotfeste og gleid
burt. Han laag og vingla millom Vaking og Vilske, i
Dragsui liksom millom Medvit og Draum.
Utetter Dagen vart han verre; Feberen fekk Magti.
Madam Henriksen, Husfrua, var inne og saag um han;
spurde um eit og anna, men fekk berre Tøv til Svar;
so sette ho inn til han slikt som ho tenkte han kunde
turve; vaska Panna hans med Edik; lét Gjenta leggje i
Omnen og gjekk.
Rome var lite og Lufti tung; Daniel fekk ei fæl Natt;
laag og kava fraa Draum til Draum, den eine tyngre
enn den andre. Ut paa Morgonstundi fekk han endeleg
sova eit Bil; og daa Madam Henriksen kom inn um
Fyri-middagen var han vakin. Ho spurde um ho skulde hente
Doktar. Daniel hugsa si Pengenaud og svara nei; men
han vart rædd. Var han kannhende so sjuk at det kunde
vera faarlegt?
Hovudverken var strid; og Styngen i Sida stengde for
Pusten. Skulde han døy? Den Tanken tok han so sterkt
11 — Garborg I.
161
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>