- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
162

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at det var so han dovna av Rædsle. Han saag seg sjølv
kvit og stiv i den svarte Kista; kjende Lukti av
Lik-ferds-lin og Gravmold; kraup ihop i Sengi og freista aa
beda; og so tenkte han paa det Live han hadde ført.
Han saag alle sine vonde, sjølvvise Tankar dukke upp
for Minne som stygge Dyr; Kaffikjellaren med all den
Ølrangelen og Banningi og all den Villskapen viste seg
for han som ei Forhall til Hel vi te; Draumane um
«Studenterlive» skjemdest han yvi; alt det han hadde gjort
og tenkt vart Synd og Skam og ynkeleg Daarskap.
Skulde han døy no, so døydde han den ævelege Dauden;
han saag det so vel. Dirrande av Fæle treiv han Tak i
Sengestokken og bad, bad med spreidde, forskræmde
Tankar, at han maatte faa liva; liva, so han kunde
um-vende seg. Og so kom Feberen att med sitt Tøv og sine
uklaare Synir.

Slik laag han i fleire Dagar og ørska, rædd, naar han
vakte, forpint, naar han drøymde; Madam Henriksen,
som vart mjuk av aa sjaa paa denne Armingen, stelte
for han det vesle ho kunde og skræmde Live av han
med sitt Doktarsnakk, men trøysta han, daa ho forstod
at han var rædd.

So vakna han ein Fyrimiddag og var lettare. Hovude
var veikt og ørt, men verkte ikkje so vondt; Styngen i
Sida kjende han berre naar han drog Anden djupt;
Feberbranden i Blode hadde slokna. Og Madam
Henriksen var snild som ei Mor; stelte Drikke og Mat til
han og berre bad han segja ifraa, var det noko han vilde
hava. Men inn gjenom Vindauga laag ein tindrande
Solstraale.

Daa totte Guten at alt var godt og ljost, og at eit nytt
Liv vakna i han. Han tenkte paa Dauden, men utan
Fæle; han tenkte paa Vaarherre; men som paa ein Far.
Hugmjuk og veik laag han der og kvilte, og kjærlege

162

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free