Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tankar strøymde inn paa han. Han hadde vandra
gje-nom Daudedalen og kjempa i Bøn um Liv og Sjæl; men
no hadde han vunni; no var han frelst. Med barnleg
Tillit vende han seg til Vaarherre. Han visste at
Faderen i Himilen vilde hjelpe han no. Hans vonde Hjarta
var bøygt og mykt; no kunde Vaarherre faa fylgje
sin kjærlege Vilje. Og han bad um Naade for alle sine
Syndir for Jesu Kristi Skuld; og han saag Gud Fader
sitja uppi Himilen i si kvite Solskinskaape og smile ned
til sitt sjuke Barn. Han var so kløkt at han fekk
Taarur i Augo; og det gjorde vondt i Hovude. No vilde
han gjeva seg heilt i Guds Hand og lata hans Vilje
aaleine raade. Um det var Guds Vilje at han skulde
døy, so vilde han fylgje Kalle utan Mothug; men skulde
han liva, so vilde han liva som eit Guds Barn; for daa
aaleine kunde han hava det godt i Grunnen. Og
dersom Vaarherre i sin Visdom hadde fastsett at han
skulde liva, so hadde han nok og sine Englar, sine
Tenarar, som kunde hjelpe han i dette stakkars
timelege ... Daniel tenkte paa Pater omnipotens; og det
maatte vera Vaarherre sjølv som hadde sendt han den
Tanken.
Live skulde byrja fraa nytt av no. Han hadde aldri
kjent seg so sæl og so trygg; det var Guds Fred som
var yvi han no; han var visseleg umvend.
Trøytt og hiren som etter ein Rus sovna han att og
sov lengi. Vakna paa nytt, med blide Tankar og Gud i
Hugen og kjende seg so rein og so god. Han hadde
Mathug og fekk inn noko Saftsupa, som han styrkte seg
paa; og han gjorde upp med seg sjølv, at det fanst ikkje
Glede i Verdi som kunde liknast med den Sæla han
livde i no, etter at Syndine hans var burttekne. I tvo
Dagar varde denne Sæla. Han laag i ein mild, fredeleg
Tilfriskningsdøs og elska og bad, las i Salmeboki og
163
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>