- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
165

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart høyrde. Han hadde aldri havt so godt av Mat som
han hadde no. —

Daa han vart so sterk at han kunde vaage seg ut,
klædde han seg i sine Kisteklæde og gjekk til Pater.

Han vart vist inn i ein ljos, fager Sal som vende ut
til ein stor Hage. Ein litin bleik Solstraale stod inn
gjenom Hagedør-Glase, braut seg glitrande gjenom
Glas-dobbane i Ljoskruna og fyllte Rome med Vaar-Tankar
og Glans. Framande Vokstrar stod og lava burt ved
Vindaugo med store grøne Blad; og rundt paa Veggjom
hekk Bilæte av Jesus med Tornekrana, Jesus paa
Kros-sen og den norsk-svenske Kongen; dessutan eit Par
Maalartavlur med norske Landskap. Midt paa Golve
under Ljoskruna stod det store runde Stoguborde med
Portrætbøkar og ein Bikar full av Helsingskort. Rundt
Borde Stolar av ymse Slag, makiege og mjuke; mindre
og større Gipsfigurar og Bystur stod uppstellte rundt"
Rome paa Hyllur eller Skaap. Ved Veggen burtimot
Vindauga eit Piano, og ved Veggen innst inen ein Sofa;
paa den sat Daniel no og venta. For der var ein
Student inne hjaa Pater, hadde Gjenta sagt.

Daniel var uroleg. I Dag, daa han var komin ut i
frisk Luft, hadde Trui vorti so veik i han. Han hadde
kjent slik Glede i dette jordiske, og slik Lengt etter
«Studenterlive», at han mest maatte tvinge seg til aa
halde fast paa Naaden. Kor hadde det seg? — Ja for
han var daa umvend? — Men so glad yvi aa faa tala
med Pater som han burde ha vori, det torde han ikkje
segja han var.

Det tok i Kantordøri; Daniel reis upp og budde seg
til aa helse. Døri gjekk upp; «Studenten» kom, med
Ryggen fyri bukkande inn-etter, og Daniel høyrde ei
breid Røyst som hjartans venlegt sagde: «Herren være
med dej, kjære Ven!» — Med ein Gong vart Daniel

165

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free