- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
166

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bleik, og so strakst etter raud; den framande Studenten
var Ole Bentsen.

Ole Bentsen vart korkje bleik eller raud. Men glad
saag det ut til han vart; han stana og sagde med
syngjande Mæle: «naa, skal eg raaka deg her? det var
svært hyggjelegt. So hev Vaarherre funni deg daa, —
endeleg. Eg visste at han arbeidde med deg; for du var
faafengleg i Hjarta ditt og vilde ikkje høyre hans Røyst.
No hev han funni deg; eg ser det paa deg; velkomin
skal du vera!» Og Ole Bentsen snudde seg til Pater:
«det er Student Daniel Braut; ein gamal god Kjenning.
Fyrr var han eit Verdensbarn, som eg og so mange
andre; men no trur eg visst, at Herren gjenom si strenge
Tukt hev bøygt han.» «Velkomin skal du vera!» sagde
Pater barneglad med eit veldigt Handtak; «velkomin,
kjære Ven! Kom, lat meg faa tala med deg... ja, eg
fær vel lov til aa segja «du» ?» — Daniel stod der raud
og reint fortryllt; «Takk, Takk,» stota han. «Ja Farvel
daa, kjære Bentsen!» sagde Pater; Bentsen gjekk. Men
Pater drog Daniel med seg inn: «kom! kom inn, kjære
unge Ven!» sagde han, og lét att Døri.

Inne i Kantore var der endaa meir Sol; ho laag
inn-yver Golvduken og Borde i tvo blide Straumar som lyste
upp, so sjølve Krucifikse uppaa Veggen syntest smile.
«Naa, kjære Ven,» sagde Pater, «hvordan har du det?»
Han var so varm og trufast i alt sitt Lag at Guten reint
var kløkt; soleis hadde han nok aldri han vorti fagna.
Han lyfte sine blide, bedande Augo — dei var reine og
klaare som i gamle Dagar —: «eg hev havt det vondt,»
sagde han. Men Pater sat midt i Straaleglansen, breid,
fager, ljos; Aasyni hans var klaar, frisk, smilande som
paa eit Barn; og eit smaakrulla gullfagert Haar laag
som ei Glorie um Panna. Han vart glad i denne Guten,
som sat der so hjelpelaus og tillitsfull; og han reis

166

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free