Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
upp og lagde Handi paa Aksli hans og sagde; «ja, hev
du havt det vondt, so ver trygg paa, at det er Guds
Faderhand som hev vori yvi deg, og at han nok vil
hjelpe naar hans Stund kjem!» Han sette seg att; dei
blide ljosblaae Augo hans var vaate av Taarur.
Daniel maatte fortelja um sitt Liv fraa fyrst til sist.
Han vilde ha sprungi yvi at han hadde havt Hirsch til
Lærar, men var ikkje fin nok; Pater spurde etter, og
Daniel laut ut med det; daa lo Pater: «du hev vori ut-i
Grundtvigianismen og?» Aa ja, paa ein Maate, svara
Daniel; men Grundtvigianar hadde han aldri
vori. Daa han fortalde um Studenterlive sitt, vilde Pater
vita um han hadde vori med i Framsflokken; til det
svara Daniel like eins: han hadde vori med paa ein
Maate — ein Kjenning hadde dregi han inn —; men han
hadde aldri vori Framsmann. Tilslutt fortalde han um
sine vonde Dagar, um Svolten og Naudi; og so um
Sjukdomen som hadde lært han aa vende sine Tankar
til... den rette Hjelparen; og no hadde han berre eit
Ynskje, sagde han: eit Grand Arbeid, so han kunde faa
fraa seg Andre-Eksamen og so taka til med det, som
alltid hadde vori hans Tanke: Teologien.
Pater lika Guten. Her var paa nytt ein av desse
friske, uskadde Bonde- og Barnenaturar med den rike
Gaava til aa tru og elske; her var paa nytt ein Mann
av Folke driven ut av Aandi til Herrens Krig. Han
spurde kvifor Daniel hadde valt Teologien. Vilde han
bli Vitskapsmann? — Aa nei, so høgt hadde Daniel
ikkje tenkt; han vilde vera Prest. — Kvifor det ? — Jau,
han hadde alltid funni at det maatte vera... ei stor
Livsgjerning... aa forkynne Orde. — Hadde han kjent
noko serleg Trong til aa arbeide for Guds Rike ?
Hadde han nokon Gong rett kjent Sanningi av dei
Herrens Ord, at Hausten var stor og Arbeidarane faae?
167
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>