- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
168

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Det kunde sjaa ut som her var Arbeidarar nok, heldt
Pater fram; men, sanne Arbeidarar, Arbeidarar som
arbeidde med Kall og Kjærleik, av deim var her faae,
syrgjeleg faae, og Hausten, ja den var stor nok; for
her laag eit Folk, eit herlegt, kraftigt Folk, med
Herrens Gaavur i forunderlegt Maal, som skulde sankast
inn i Lødo hans. Daniel saag paa Pater med
Høgvyrd-nad; Pater tala seg varm.

Han drøymde stort um Norigs Folk og kunde aldri
koma burt fraa den Trui, at Vaarherre hadde valt det
ut til ei herleg Gjerning i Rike hans. Dei store
Kultur-folki som her var so mykje Tale um, deim trudde han
ikkje stort paa; dei var alle meir eller mindre skadde
og mergetne av Sedløyse, Sjølwise og Vantru; men det
norske Folke stod ungt og friskt, med si trygge
Barnetru og med heile si Kraft; og naar Gud her lagde si
Signing til, som han visselig vilde, og som han alt paa
so mange og merkelege Maatar hadde vist at han vilde,
so skulde me faa sjaa kva han kunde gjera ut av oss,
so smaae som me var. Sterkt vilde det Folke vera som
kunde segja som Josva: eg og mitt Hus, me vil tene
Herren! — sterkare enn alle Filistrane, sterkare enn
alle Heidningar med deira Stridshestar og Vognir vilde
det vera. Det galdt aa arbeide medan det var Dag; det
galdt aa saa og pløgje og vatne, so Herren kunde faa
gjeva Vokstr; daa skulde, som Diktaren sagde, «Landet
over vore Grave blomstre som en Herrens Have». Varmt
tale Pater; Augo hans gjekk Gong paa Gong fulle av
Taarur, og det bivra um den sterke Munnen. Daniel
vart uppglødd; han laut stundom tenkje paa Kapellan
Hirsch.

Men daa Pater tok til aa tala um det «personlige
Gudsforhold» og um Live i Kristus, kunde Daniel ikkje
fylgje so godt med lenger. Han vart bljug som ein

168

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free