Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Med bleike Vangar og bankande Hjarta sat Daniel
paa Plassen sin i tridje Rad og venta paa det som koma
skulde. Attum seg hadde han ein stor Slamp av ein Fyr,
ein Slagtar eller noko slikt, som han lika berre so
maateleg; men verre var det, at burt-i ein annan Bolk
sat det ein Konstabel; vilde han blande seg i Leiken
tru? Daniel spurde Sidemannen sin, Monsen, um dette.
Monsen drog paa Geipen. «Han har ikke noget med at
hindre den fri Meningsytring,» grein han i
Fjordamaals-Sekstar.
Orkestre tok til aa spéla; Daniel høyrde ikkje paa
det. Med Hjarteverk gaadde han, at det var komi endaa
ein Konstabel inn paa tridje Rad. Han kunde ikkje
anna enn gjera Monsen kjend med dette. Monsen vreid
paa sin fiskekalde Munn og sagde i grettne, snøgge
Septimar: «Hva Fa’n gjør dæ da?»
Daniel vart skamfull. Den Monsen maatte vera ein
modig Mann.
Det var som Lufti i Teatre var ladd med Nervøsitet.
Ei uroleg Kviskring gjekk frametter Benkine som
Vindpust i visne Blad; og kor Daniel vende seg saag han
bleike, ventande Aasyn. Stykke hasta yver Tile som i
Feber; Spélarane forsnakka seg alt i eitt og gjorde
Mistak paa Mistak. Ender og daa gjekk det som elektriske
Slag gjenom Radine; det skraava i Silke og stive
Kragar, og Chignonane snudde seg att og fram som
Vind-fløyar —: kom det no? — Men dei unge Løytnantane
sat og gjorde seg morske og saag seg ikring med
kannibalske Augo som sagde, at vart det noko av, so
skulde nok dei halde Styr paa Herke!
Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt. Folk tok
til aa tru at dei var haldne for Narr. Og mang ein
Løytnant som fyrr hadde vori morsk som ein Mars,
lava no med Øyro: skulde han ikkje faa Tilføre til aa
174
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>