- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
175

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vise seg Riddarsmann for sine unge Damur? Andre
saag seg spottande ikring; det vert ikkje noko; det
visste me!

Men dei gamle Herrane var glade. Inkje Staak; me
fekk vera i Fred; Uppstyrmakarane hadde vori for
veike. Kristiania var trufast. Mistenkjelegt var det
alltid, at der i andre Rad var mest berre Studentar; men
... dei gode maatte vera i Fleirtal.

Det leid til Slutten paa femte Akt. Uroi tok til aa
vakne att; kannhende var det no det galdt. Med ein
Gong vart det varslande stilt yvi heile Teatre. Daniel
fekk Hjartebanking; stirde ned: — ein ung Mann i
Parkette hadde reist seg; det var Føraren.

Den siste Repliken var sagd; Duken tok til aa glide.
Daa lyfte Føraren Handi, og med gnellt Maal ropa han:
«Ned med Direktøren!»

Det gjekk ein Sukk gjenom Salen, ei Stynjing... og
so braut det laust. Ein Storm av Pipur, eggjande,
ylande; fleire og fleire, fraa Parterre, fraa andre Rad,
fraa tridje; kvasse Fløytetonar fraa Portlyklane kom
med, og Barnetrompetar i sangrande Graat; men so
med ein Gong eit Brak, ein Foss av Handklapp,
Tramping, Hyssing, Skraal; Teatre stod i Gov; det var som
Hav i Sjøgang. Men Pipune, kvasse og tirlande, skar
seg Veg gjenom Brot og Brak, kvesste paa, og kvesste
paa, kvein, kvisla, kom ylande fraa alle Kantar som ei
Aasgaardsreid, som Storm gjenom ein Skips-Rigg. Alt
var i Uro; alle Mann uppe; Lufti full av klappande
Hendar; her og der Hopar av Mennar i vill Trætting,
raude i Kamben, fiktande med Armane, Mennar
skrikande av opne Gap Ord, som ingin kunde høyre, Ord
som døydde i Staake og vart til Vind, til tom, rasande
Pantomime —: «ut med Pakket! ut med Pakket!» —
og so Løytnantar som stod og sagde «Fanden tordne

175

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free