- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
181

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ha vori anna til Kar daa. Og um gamle Ole Johannes
Sørbraut hadde vori so mykje til Mann som Proprietær
Stensrud, — enn alt det vonde ein kunde ha sloppi, og
alt det gode ein kunde ha havt! Men ein fekk tru, at
Vaarherre hadde ei Meining med alt. Han hadde vel
set, at Daniel ikkje vilde hava godt av gode Dagar.
Hadde han vori rik, so hadde han no kannhende vori
ein Ranglefant.

Proprietæren var ein Mann paa 58, roleg og stød, klok
og tung. I sine unge Dagar hadde han, som han sjølv
sagde, vori «eit Stykke av en Fusentast»; men Alderen
og Røynsla hadde lært han aa sjaa meir «allsidigt» paa
dei fleste Ting; og no var han 4de Supleant paa
Em-bættsmannslista. Med den fyrste Kona si hadde han
fengi Pengar, — «og daa var det, at han vart moderat»,
fortalde Jaabækianaren Lærar Borreberg; sidan «gjorde
han eit Slag til Høgre for kvart Tusund, han tente, og
var no so kvit som ein Messehagel». Han tala alltid med
stor Vyrdnad um den akademiske Daning. Utolsam var
han ikkje. Det einaste han kravde av Folk var, at dei
skulde vera upplyste og sjølvstendige, so dei ikkje tok
si Meining paa Borg korkje hjaa «Folketidende» eller
andre, og ikkje lét seg drive av kvar Lærdoms Vind
eller lokke av kvar Frasemakar; men det hadde han
Rett i. Um dei «folkelege» sagde han mange Ting som
Daniel vilde ha motsagt, dersom det ikkje hadde vori
for det at han no laut fara varlegt.

Med den fyrste Kona si hadde Proprietæren havt 3
Born. Av dei var Student Stensrud den yngste. Den
næstyngste heitte Louise og var gift med Grosserar
Storr i Kristiania; den eldste, Frøken Hanna, var heime.

Denne same Frøken Hanna gjekk for aa vera 26 aar.
Men Daniel trudde ho maatte væra eldre. Ho hadde
vori i Kristiania paa ein Skule og var Dame; gjekk

181

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free