Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
byklædd og stelte med Finarbeid og Pianospél. Daniel
var litt brydd saman med Frøken Hanna; kva skulde
ein segja til slik ei? Av Romanane visste han at det
var ein serskild Kunst aa tala med Damur: dei skulde
hava sin eigin Kost, dei; og den kunde ingin laga som
ikkje var dertil upplærd. Men etterkvart kom han i
Drøs med henne likevel. Og det paa den Maaten at han
fekk laane Bøkar hjaa henne. Og daa dei fyrst var
kjende, gjekk det av seg sjølv. Det viste seg, at ho ikkje
var so vanskeleg aa samtala med endaa. Det ho helst
vilde høyre um var Kristiania. Studenterlive med.
Daniel fortalde det han visste um dei Ting; dikta so
smaatt naar det galdt aa gjera Emne forvitnelegt, og
tagde med slikt som han ikkje trudde ein kunde segja
til ei Frøken.
Ein Gong kom han til aa nemne at han kjende Hans
Haugum; sidan maatte han fleire Gonger fortelja um
honom; ho kjende ’n ho og. Han hadde vori her uppe
süme Tidir daa Mor livde, fortalde ho; Mor var komi
fraa hans Bygd og hadde kjent Foreldri hans. Ein Dag
daa Haugum hadde vorti nemd, sagde Hanna: «no er
han forlova; det veit De vel?» — ho stod burt-med
Glase og saag ut. «Nei?» undrast Daniel; «naar gjekk
det for seg?» Det var nyaste nytt; Hanna hadde havt
Brev um det fraa Louise. «Jaso ?» Daniel var ikkje stød
paa um han lika Tidendi eller ei; det kom so uventande.
Sjølv var han ikkje trulova enno. Eit Par Gongir
hadde han arbeidt med eit Brev til Inga i Sümar; men
han hadde ikkje fengi det til. Han kunde liksom ikkje
finne Ord; det vart so kaldt og tomt det han skreiv;
Ulukka var, at han so sjeldan saag henne. Og
Elskhugen trong Næring som alt Liv.
Noko serskilt og reint urimelegt hadde Daniel og aa
undrast paa; det var komi upp for han i den siste Tid,
182
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>