Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunde han klara seg; ingin hadde noko aa seg ja til
honom. Han turvte ikkje vera umvend heller. Student
Stensrud var ikkje umvend, og var like gode Vénir med
Pater for det...
Toddyen var sett inn paa eit lite Bord i Siderome.
Spéle slutta; Herrane fekk vera so gode aa gaa inn og
laga seg ein Taar.
— «Ja—ha; ja visst; den fjerde i Rækken, ja,»
høyrdest Endre Storr kvessa i, «jo—o det skal... det skal
... bli længe det! Nu tar Utlanne til aa sælle sine gamle
Træskuter og bygger Jernskibe, og vi gaar her hjemme
og sætter vore Penger i de Træskibe, som Utlanne skiller
sej av mæ; ja; og naar saa... naar saa Jern og Damp
har seiret paa hele Linjen, ja, saa sitter vi her mæ
vore gamle Træskuter, vi, den fjerde i Rækken av de
søfarende Nasjoner!» Daniel sat og gapte.
«Vers’god; la oss faa oss et Glas,» sagde
Proprietæren sonande, og dei gjekk inn. Men paa sjølve Vegen
trætta dei. Lensmannen stræva med aa forsvara den
nasjonale Æra og Treskipi; og som dei stod der inne
og laga Toddyen sin spurde han, um Herr Storr daa
for Aalvor kunde tru, at me kunde koma etter med aa
byggje Jarnskip. «Koma etter?» sagde Endre Storr;
«skulde me koma etter med nokon Ting? Det einaste
me hev lært av Utlande, det er aa... aa gjera
Konkurs!»
Det vart Laatt av dette; og dei lo trygt; dei visste
at Storr hadde sine eigne Meiningar. Men Storr var
komin i Stridslag no; og daa dei hadde sett seg att,
hogg han i paa nytt.
«Ja, ja; det er lett aa læ,» sagde han; «det er...
ja. Kor i Guds Namn skal det gaa med eit Land, der
ingin vil arbeide?» — «Overdrivelse,» sagde
Lensmannen. «Vil me ikkje arbeide?» smilte Proprietæren. «Nei,
197
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>