Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
me vil ikkje,» svara Grosseraren. «Me vil... me vil...
ha det godt! ha det makelegt... vera store Herrar paa
Kredit! Det vil me! Er det ein Mann som hev tent
seg ihop nokre Tusund, so legg han seg til og... og
ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev
han ein Son, som ét dei upp; ein, tvo, tri! det, som
skulde vera Grunnlage for ein Kapital, for ei stor,
solid Drift ned igjenom... Ja, for slik er det i Utlande!
Trur De dei store engelske og amerikanske Rikdomane
hev regnt ned fraa Himilen ? — Dei store utlandske
Rikdomane hev komi til paa den Maaten, at ein
Arbeidsmann eller ein Hotelgut tente seg ihop 50 Pund; Son
hans heldt fram med Arbeide og tente 200 Pund; og
so arbeidde Son etter Far og Ætt etter Ætt... arbeidde,
ser De!... ja; og til Slutt var der ein Kapital...
Rikdom, Magt, Dugleik! fyrst og fremst Dugleik! — Men
her? det som skulde vera Grunnlage for ein Kapital,
— vips! ut for alle Vindar! Eig ein Mann tusund Dalar,
so skal Son hans ikkje arbeide, han skal studere...
og so sumlar han burt dei tusund Dalane, og siden liver
han paa Gjeld og vert Kopist! — Maa eg so spyr ja;
kor skal det koma Kapital fraa, og kor skal det koma
Dugleik ifraa... for Kapital og Dugleik maa der til,
um me skal kunna konkurrere... og kor skal dei koma
ifraa, naar Kapitalen vert drepin i Fødsla, og alle, som
skulde kunna lære nokon Ting, gjeng og kastar seg
burt og vert Kopistar!»
Tre—fire ropande Røyster skreik upp og vilde svara,
men slo kvarandre ihel. Det einaste Storr fekk Tak
paa var nokre Ord fraa Lensmannen um vaar trufaste,
arbeidande Bonde. «Bonden?» ropa Storr; «var det
Bonden Di sa? — Bonden er som me; men Bonden er
den verste av oss alle. Det er Villmannen, det, som...
vil liggje paa Laaven og eta, eta og so sova, og bry
198
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>