Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg Pokkeren um i Morgo; lat oss berre ikkje snakke
um Bonden, De!» •
Lensmannen sagde det var sümt, Grosseraren kunde
hava Rett i. Dei lægre Klassur no for Tidi var ikkje
so nøgde med si Stelling som dei burde vera; og det
var ein leid Ting at Bonden meir og meir gav seg til
aa drive ikring paa Bondevenmøte og dilikt i Staden
for aa arbeide. Men i det heile vilde Lensmannen segja,
at Bonden ut-yvi Lande arbeidde som ein Træl, arbeidde
so trufast og aalvorsamt, at det vilde vera Urett aa
krevja meir av han. Petersen, som var Son av ein
Amtmann paa Vestlande, sagde det same, og der vart ei
samtykkjande Mulling rundt heile Lage.
«Min gode Verson hev den Vanen aa bruka sterke
Ord,» sagde Proprietæren med ein forsonleg Smil; «men
naar ein ser burt ifraa det... Eg er ikkje uhuga til aa
tru, at Folk ut-yvi Lande hev altfor lite Sans for aa
bruka Tidi. Tid er Pengar, segjer Engelskmannen; det
er ein Setning Bonden kunde ha godt av aa lære. Men
det som trengst, det er daa Upplysning;
Upplys-ning, mine Herrar!» — Bravo, bravo. — «Ja kor skal
Bonden faa den ifraa?» spurde Storr. «Gjenom Bøkar?
Ja; men finst det ein Statsagronom eller nokon annan
slik Fyr, som kann skrive ei praktisk Bok?» (Naa?)
«Kom ikkje til meg med det. Eg hev sjølv freista aa
skrive um slike Ting, og eg hev set... set andre hev
skrivi; men ... ja. I det heile ... Dei skrik paa
Upplysning alle Folk; men eg finn meir og meir, at det
med Upplysningi... det er Frase!» (Nei, men Herr
Grosserar!» «Ja; Frase. Ein Bonde vert ikkje
upp-lyst. Upplysning er ikkje slikt-noko som ein kann rive
i seg paa eit Aars Tid eller tvo gjenom Bøkar eller
Snakk; heile sitt Liv maa ein ... ein maa liva i
upp-lyst Luft! Det er berre dei rike som kann vera upp-
199
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>