Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
lyste. Upplysning og Åndsliv er... er ein Luksus, ein
Ovbunad; fyrst maa ein hava Maten; og fær ein
Stunder fraa den, so fyrst kann ein liva eit Aandsliv. Me
ser det og. Desse Idealistane, naar dei vil taka Bonden
som han der gjeng og gjera han til ein Aandsmann, kva
vert der av det? Talemaatar, og Tøv;
Folkehøgskule-skodd! Nei! Men Bonden skal vera praktisk; det
kann han; praktisk i sitt Fag ... og dersom d e t er
det, du kallar Upplysning, Proprietær, so er det godt
og vel.» Ja visst var det praktisk Upplysning,
Proprietæren meinte; og um ei Stund viste det seg, at dei i
Grunnen var samstelte likevel. Men Daniel visste ikkje
kva han skulde tenkje.
Den varme Toddyen styrkte Samfundsaandi; dei tok til
aa tenkje paa Landsens Framgang alle ihop. Daa
Petersen fortalde, at paa Bondebygdom sat Folk ved Aaren
dei lange Vinterkveldane og dreiv Tidi burt med
Eventyr og Vas, i Staden for at dei kunde tena Pengar med
aa gjera Tresko og Sopelimar, so fann alle dette rivande
gali; Lensmannen meinte at dette var noko som sjølve
Statsmagtine burde taka seg av.
«Ja, det vilde vera norskt, det,» kvesste Storr i med
sitt strævsame Maal. «Statsmagtine! — I upplyste Land
heiter det: help your seif; her er det Statskassa og...
Fatigkassa ... og Vaarherre og... men ingin kan taka
i sjølv, for ein Pokker! Statskassa —? ja, det vil vel
segja at det skulde skipast eit Embættsverk for den Saki
... med Treskoinspektørar og ein Treskosjef i
Kyrkje-departemente... ja; og so ei diger Bok med
Innberet-ningar kvart Aar, og Betenkningar og Planar og ditt og
datt... Herre Gud!» ropa han til Proprietæren, «berre
finn Folk som vil kaupe Tresko, so skal du nok sjaa
Bonden lærer aa gjera deim!»
Etter dette vart det eit Ordskifte um Embættsstande.
200
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>