Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lensmannen var forarga yvi den Treskosjefen og gav
litt vondt; dei unge Juristane hjelpte til; slikt skulde
ein upplyst Mann ikkje segja. Og det heldt Daniel med
deim i. Grosseraren svara ikkje stort paa dette; men
daa dei var ferduge, forklara han, at naar det
uproduktive Embættsarbeide galdt for det høgste i eit Land,
so maatte Lande armast ut. Han vilde at dei beste
Hovud skulde leggje seg paa det praktiske, og so kunde
dei næstbeste eller midelsgode Hovud greide all denne
Protokolførsla og alle desse Innberetningar.
Lensmannen vart meir og meir raud i Kamben; Becker og
Petersen kalla Grosseraren for ein Jaabækianar; Fru Storr
sat og kremta. Det same gjorde Proprietæren. Han
visste sistpaa ikkje onnor Raad enn aa halde ei Tale.
Han tala for Embættsstande, vaart hæderlege
Embætts-stand, som me maatte takke Gud for; og den Tala slutta
han med ei Skaal for Lensmannen, «som her var
Embedsstandens Repræsentant».
Lensmannen svara med ei Skaal for Odelsbonden, den
gjæve Odelsbonden, som sat paa si Tuve trygg og gav
all Verdi ein god Dag, men bøygde seg for sin Konge
og si Øvrighet; d e n Bonden vilde Lensmannen drikke
for; d e n Bonden var Kjernen i Lande, og d e n Bonden
skulde nok greide Hespelen, um det kom til eit
Knipetak. Millom Odelsbonden og Embættsstande hadde det
alltid vori god Vénskap; og han tvila ikkje paa, at den
Vénskapen skulde staa, alt um det var — hm — Røystir
som —. Skaali vart vend til den gjæve og upplyste
Odelsbonden, vaar høgvyrde og gjestmilde Vert, Herr
Proprietær Stensrud. Daniel lika det Lensmannen sagde;
og han fekk ei Kjenning av, at desse «Embættsvenner»
kannhende sistpaa var likso gode Folkevénir som
Oppo-sisjonskultane.
Daa Fru Storr saag at Mannen hennar vilde svara
201
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>