- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Tukt, so trudde han, at den — æ, den — æ
Disharmoni, som stundom no kunde — ææ — gjera seg
gjeldande millom Samfundsklassane, den vilde — mææ

— uppløyse seg av seg sjølv. Skaali vilde han vende
til den Representanten for Bondestudentane som me
hadde den Æra aa hava her ibland oss, Herr Student

— naa, Herr Kandidat — mææ, hm — ææ — naa, Herr
Kandidat Danielsen — «aa, naa, je bér! — Herr
Kandidat Danielsen-Braut. Hans Skaal!» Bravo! Daniel
skifte Litir. Han drakk, men kjende knapt Grunnen
han stod paa. No skulde han upp og tala! Det var
Meiningi; det sagde seg sjølv; og han saag det paa
deim. Men kva skulde han tala um ?

Han hugsa at Skaali for Fedralande ikkje var drukki.
Den fekk han taka daa. Naar ein berre i ei Hast kunde
finne paa noko aa segja! Ein fekk tenkje seg um ei
Stund. Men so kom det vel einkvar og tok Emne ifraa
han. Ja vel; der kom Lensmannen. Han vilde visst
tala for Fedralande no.

Men Lensmannen vilde tala for Studentane. Ikkje
for nokor serskild Klasse av Studentar; etter hans
Meining fanst det ikkje slike Klassur; naar dei hadde fengi
sin Eksamen, so var dei Sønir av Athene, og so var all
Klasseskilnad avlyst. (Bravo! tenkte Daniel.)
Lensmannen tala for Studentane i det heile, og vilde
serskilt minnast at dei var Embættsmannsemne. Det var
rett og naudsynlegt, at Arbeide i Statens Teneste stod
som noko høgt og framifraa. Me høyrde nok süme Tidir,
at Statstenesta var eit Arbeid som — hm — som ikkje
var noko vidare verdt; me hadde endaa fraa ein viss
Kant set det aa døype Born samanstelt med aa køyre
Myk — hm; men Lensmannen vilde halde det for den
største Ulykke for Staten, um Skilnaden millom
Statstenesta og anna Arbeid skulde døy ut i Folks Tanke.

203

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free