- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
204

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Statstenesta maatte staa som noko — ja, som noko
idealt, for aa brüka det Orde, — som ei ædel
Livsgjerning, som ein vigde seg til i sine unge Aar, og
som ein med Energi heldt fast som Livsgjerning i den
lange Ventetid. Staten kunde ikkje nøgje seg med
Leige-tenarar og Nærings-Spekulantar; ein maatte krevja at
Statstenaren gjekk i Brodden endaa naar det — naar
det galdt Live! Difor vilde han minnast dei mange
unge Mennar som no gjekk og fyribudde seg til denne
si Livsgjerning og han vilde ynskje og vone, at dei
fyribudde seg soleis, at Land og Konge altid maatte
hava eit godt, eit trufast Embættsstand. Skaal! Bravo!

Lensmannen drakk, og det graae Andlitet hans var
raudt som Fullmaanen; han var Stridsmann for ein stor
Tanke i Kveld, og det var ikkje so ofte det gjekk paa.
Daniel var reint glad i Lensmannen for denne Tala;
det han her hadde sagt var Ord ut av hans eigi Hjarta;
det var visst og sant.

Men no kom Endre Storr; der var ikkje Raad for det
lenger.

— Ja! naar det skulde gaa med Talur her, so fekk
det... fekk det so vera. Dei hadde tala um Bonden;
ja; han kunde og tala um Bonden; gjerne det. Men
ikkje um Odelsbonden; for Odelsbonden vart meir og
meir ... han vilde segja Mythe ... «Hm ?» sagde det
rundt Borde. Men Storr vilde tala um den Bonden som
livde rundt um i Dalane no, — «han som hev Garden
standande i Pant i Hypotheken; han som ikkje lenger
eig den Tuva han sit paa, men gjeng og trælar for
Banken. Ja, det er sagt her, at han arbeider... at han
arbeider som Træl» — «hm!» sagde Lensmannen —;
«og det er sant, han arbeider som Træl. Men so var
det nettupp han ikkje skulde arbeide; han skulde
arbeide med Lyst, det er Tingen; med Lyst! Ja. Men

204

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free