Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det kann han ikkje, so lengi han er Villmann og hatar
Arbeide... og so lengi det aa vera Embættsmann, det
aa arbeide uproduktivt, er det høgste i Lande.» «Hm!»
sagde Daniel. «Men slik er det no. Og Bonden ser og
høyrer ikkje anna for seg... og so lærer han aa søkje
burt fraa sitt Arbeid, i Staden for at han skulde leggje
heile sin Hug i Arbeide og dermed... gjera Framstig.
Framstlg! No kjem han ingin Veg, anna enn til
Banken. Eig han litegrand, so kastar han det burt til
Fjas... og hev han ein Son, som duger litegrand...
ja, so skal ikkje Sonen vera Bonde, Gudbevares! nei;
han skal paa Seminarie — paa Skular i det heile; og
hev han vori der, so er han for fin til aa taka si Hand
i nokon Ting, d’er greidt;... skal gaa paa Stasen; skal
vera med i Fiffen... liva paa det som andre slit ihop;
— for det er fint her; men aa liva av det, ein sjølv
avlar fram, det er simpelt... Ja. So gjeng all Dugleik
burt fraa Bondestande, og so gjeng Skrape etter og
trælar for Bankane ... det vert eit Proletariat, liksom i
England... og det er den Odelsbonden, me skal lite paa
naar det knip!» — Daniel kjende seg uroleg, der han
sat; men Storr var Materialist; ingin kunde bry seg
inn honom; og han saag paa dei andre og forstod, at
ikkje dei heller heldt med han. Men Storr dreiv paa.
Me gjekk her og snakka um Upplysning ... ja, godt og
vel... men ... det var ein Ting, som all Skule og all
Upplysning her i Lande skulde gaa ut paa, og det var
... aa prente inn i Folketanken — liksom med Eldskrift
— den gamle gode Setningen: poverty is a crime,
Armod er Synd! Det skulde vera det fyrste Böd i vaar
Folkekatekisme —: du skal ikkje vera fatig. Dette
Lande maatte bli ein Arbeidsstat som Belgia eller
Sveits; og so gjekk dei her og gjorde det um til ein
Kancelli- og Litteraturstat etter tysk Mynster. Me
205
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>