- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
206

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde sjaa det i all Ting, — i Bokheimen med all denne
Dikting og Drøyming og alle desse Idear ... tysk ideal
Skodde, ein ufrisk, livlaus Hybel-Litteratur ... i Staden
for aa segja Folk ærlegt Sanningi og lære deim aa
forstaa kva det kostar aa liva... slikt gjorde sitt til aa
tøme Lande for Energi og Folk. — Og so Statsbudgette.
Me kunde sjaa paa Statsbudgette, at me var eit Folk
som var styrt av Embættsmennar — og av Bønder som
vilde vera fine. Mest all Ting gjekk til Kantorvæsen
og uproduktivt Stell, og lite og inkje til Framhjelp av
Arbeid og Næring. Og vilde ein Arming lesa til Prest,
so stod hundrad Mæcenatar og tankelause
Geni-Upp-dagarar ferduge til aa hjelpa han fram (tru det? tenkte
Daniel); men var det ein, som gjorde ei nyttig
Upp-finning, so... ja so trudde Folk han var galin. Og um
han grunna ein Verkstad, so gjekk Staten og Kauparar
til Utlandet like godt. Ja; — og so jamra me yvi, at
me var eit fatigt Land! — Javisst. — Sjølve Finland
hadde ei stor Utførsle; kva utførde me? Emigrantar!
Sveits hadde ein Industri som sende sine Varur Verdi
rundt; kva fabrikera me? Akkevit og Bayerøl! — «Ja
Skaal da!» ropa Student Stensrud. Endre Storr kvakk
upp og saag seg ikring; «ja det er sant,» sagde han;
«det var Skaali for... for ... ja, Skaali for Bonden. Ja;
det hev nok ikkje vori det beste Samenheng i denne
Tala mi; men — men — eg vil drikke ei Skaal for den
Bonden som —; for, at Bonden — og me alle ihop —
maa faa so mykje Kultur, at me vert glade i aa arbeide
... og at han, og me alle, maa lære aa forstaa, at den,
som avlar ei Tunne Havre er større enn den, som lagar
ei midels Bok... at den, som fær tvo Straa til aa vekse
der, som det fyrr vaks eitt, — han er ein
Velgjerds-mann mot Ætti! Skaal for den Bonden, som arbeider,
og arbeider med Lyst og Framtak!» Skaali vart drukki;

206

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free