- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
208

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulde heim. Kvinnfolki kom like eins og sagde
Godnatt; Herrane Knutzon, Viborg og Becker flokka seg
burttil Fru Storr og var galante; Daniel saag seg leid
paa deim. Men ... det var den formelle Daning ...
Endeleg kom dei ut som skulde ut; Proprietæren, Grosseraren
og Student Stensrud fylgde deim til Sleden. Dei andre
drog seg inn att; fleire samla seg ikring Toddyborde.

«Den Storr er Fanden ta mej en Jonglør!» sagde Bang
Block laag-mælt. «Alt det han fær og fiktar med, det
er s’gu berre for aa gjera seg interessant; han vil vera
original... han burde Fanden ta meg vera
Opposisjons-mann!» Det meinte no ikkje Petersen; han smilte so
breidt og blidt; Storr var ein bra Kar, lite naiv, men
umaateleg morosam; det traut ikkje paa Gaman i det
Lage der han var. Aa ja morosam; men han var ein
Jonglør. Han var av same Slage som desse andre
«Folkevennerne» ; det var s’gu seg sjølv han tenkte paa. Hadde
han vori Talar, so burde han gjort som denne Kandidat
Meier og andre av det Slage, som får paa Lande og
heldt «Folkehøgskule» — Block frynte naar han nemnde
slike Ord — og kom att Storthingsmennar... «Meier ?
Trur du han vil bli Storthingsmann ?» sagde Becker.
Aa, Block kjende Krute. Meier gjekk her ein Gong og
søkte eit Prestekall, og daa han ikkje fekk det, so...
ja daa var det. at Herr Meier drog tilfjells til aa vekkje
Folke! — Naa, det var s’gu ei god Upplysning, meinte
Becker. «Er det sant det?» — «Det skal vera sant.»
— «Det var ei forvitneleg Upplysning! Den Meier galdt
for slik ein Høgidealist» ... Aa skidt; det var s’gu same
Sørpa alt. Kandidat Meier var so god ein Sakførar
Stensgaard som nokon kunde sjaa, ein av same Slage
som desse brandraude Fyrane ned i «Frams» Klikk...
Daniel kvakk. «Aa, lat oss no ikkje faa Politik att,»
bad Viborg. «Det er daa Fanden, at so snart ein kjem

208

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free