Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa Lande so skal ein politisere!» — I det same kom
Proprietæren og dei andre inn att; Samrøda skifte Emne.
Daniel høyrde ikkje stort paa det som vart sagt. Han
sat og vreid seg og tenkte paa Tala for Fedralande. Men
kvar Gong han skulde vaage seg fram, vart han
modlaus; det var ikkje greidt aa tala i so fin og kritisk ei
Forsamling. Rett som det var, sagde Proprietæren og
Grosseraren Godnatt. Proprietæren var gamall,
Gros-seraren trøytt; «men Ungdomen skal sitja!» lo
Proprietæren gjestmildt. «Ja, me vil s’gu sitja!» meinte
Student Stensrud; dei gamle gjekk. — Kunde det no nytte
aa tala for Fedralande? —
Block laga seg nytt Glas; der vart eit Ordskifte um
den rette Maaten aa laga Toddy paa. Becker, som
hadde vori i Utlande, fortalde Framgangsmaaten med
aa laga Absinth; kom so til aa tala um Paris og Live
der; Daniel fekk høyre um Ting som han ikkje trudde
kunde finnast i Verdi. Fraa Paris flutte Samrøda til
Kristiania; og Daniel kom etter, at han nok mest var
likso framand i Kristiania som i Paris. Det som han
hadde set, det var berre det simple, det grove, det som
var for Bøndar... So kom Herr Jokum for ein Dag att;
Petersen og Becker fortalde Sogur um han som var
av eit sovori Slag, at Daniel fann det meir enn
rime-legt at Hanna ikkje hadde visst um deim. Men det
som Bang Block sidan fortalde um «den flotte Fru
Harry» var ikkje stort likare. Det var forunderlegt at
der kunde vera so mykje slikt millom fine Folk.
Men Viborg og Knutzon hadde fengi Smak paa aa
erte den snilde Huslæraren; som han der sat og krulla
paa det vesle Kinnskjegge sitt og glodde framfor seg
med sine blide Augo, storbygd og tung og gruv i
Aks-line, saag han so truskyldig ut, at dei kunde ikkje
halde seg. Var det sant, at Herr Kandidaten i Kristi-
14 — Garborg I.
209
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>