Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ania hadde ført slikt eit villt Liv? — Daniel kvakk;
dei andre lo; — ja, heldt Viborg fram; det gjekk eit
slikt Ord i Kristiania. Herr Huslæraren var nok meir
kjend end han trudde, og det ikkje for det gode plent1;
«ikke sant, mine Herrer?» — «Jo,» sagde Knutzon;
«jo,» sagde Becker. Daniel forstod no, at dei vilde gjera
Narr av han; og han vart arg. «Kva er det for Snakk ?»
sagde han. «Snakk? Vil Herr Kandidaten kalle det
for Snakk som er stadfest av tvo gode Vitne ?» — «Herr
Huslæraren gjorde best i aa svara paa Spursmaali,»
meinte Herr Becker. Og dei fine Herrane sat og glodde
paa Guten med uppdregne Brunir og Lorgnettar for
Augo; Daniel saag seg uppraadd, og kjende seg
Undermann; kunde ikkje klara seg mot denne flirande frons
urbana.
Han vart berga av Stensrud, som gav seg til aa
fortelja um Student Rødberg; kjende mine Herrar ein
Student Rødberg? Det var han som var Huslærar her paa
Garden ifjor. Det var Gut som kunde liva villt! Og so
hadde han det med det at han ikkje kunde segja sant;
han laug baade naar han hadde Naud paa det og ikkje;
men so var det Ulykka at han kunde ikkje ljuge i
Samanheng; den eine Lygni motsagde den andre, og
so gjekk det gali. Han hadde elles klara det lengi:
hadde slegi seg paa det gudelege og fengi ein skikkeleg
Prestemann til aa tru paa seg — Daniel vart uroleg,
der han sat —; og kvar Gong det gjekk gali gjorde
Rødberg Bot; og so beit den snilde Prestemannen paa
att. Endeleg hadde han fengi Artium. Men daa han
var ferdig med den, slog han seg so laus med Rangel
og Galskap, at dei hadde ikkje visst onnor Raad enn
aa sende den veike Broder Rødberg paa Lande. Men
Broder Rødberg visste Raad med aa vera veik paa Lande
og, han; og daa han hadde logi so lengi at Lygnine
210
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>