Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hans tok til aa slaa kvarandre ihel, so kom det upp
alt, og Rødberg laut paa Porten. — Kor Rødberg no
var? — I Kristiania; og det var dei som vilde vita
at han gjekk Konstabel inne paa Grønland no. —
Konstabel? Kunde ein akademisk Borgar falle so djupt?
— Aa, meinte Stensrud; det var visst ikkje greidt for
den som svalt. — Daniel var sveitt; han glytte paa
Stensrud med Uro og undrast paa um han endaa kunde
vita noko.
«Ja, der er mange slike,» sagde Bang Block; han
sat og laga det femte Glase. Kjende Herrane ein
Student Monsen? Det var og slik ein Lurifas. Han hadde
fikta seg fram med Lygnir og Laan i fleire Aar; ei
Tid hadde han livt paa ei Malmgruve som Bror hans
ikkje hadde funni; han var utum seg paa alle
Kantar. Berre slik ein litin Ting som den —: her i Vinter,
daa dei heldt denne Kommersen i Teatre,
«Børneforestillingen», som «Borgeren» kalla det___«Apropos, var
ikkje De ogsaa med der, Huslærar?» spurde Viborg
ertande; han stakk ofte paa Glase. Daniel riste paa
Hovude; han vilde ikke ljuge ... Naa ja; denne Monsen,
han slog Lag med Piparane og fekk paa den Maaten
Fribillet, men i god Tid fortalde han det heile til ein
Konstabel og gjorde so sidan Mynt av, at han ikkje
hadde pipi. «Ja de Bønder, de Bønder!» lo Herr Petersen.
Daniel lika seg ikkje millom den formelle Daning. So
snart han saag seg Kans til det, stiltra han seg ut og
gjekk og lagde seg.
Men det varde lengi fyrr han fekk sova. Han laag og
harma seg yvi at han hadde klara seg so klent; og no,
etterpaa, fann han ut ei Mengd med gode Ting som han
burde ha sagt dei fine Herrane. Innimillom vreid han
seg i Spursmaal og Tvil; kunde dei vita noko ? —
Underlege Ord hadde falli; men dei kunde daa vel ikkje tru,
211
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>