Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
at han var ein slik ein Fyr som denne Rødberg, eller
ein som Peder Monsen?
Det som var visst var, at dei hadde gjort Narr av
han, og at han ikkje hadde kunna klara seg. Det var
frons urbana som maatte til, By-Skallen, By-Mode;
hadde ein berre det rette Mod, det rette Lag, so kunde
ein segja og gjera kva ein vilde.
Og so toskut som det var, at han ikkje hadde tala
for Fedralande. Hadde han gjort det, so hadde dei set
at han var noko til Kar, han au. Men i Morgo, i Morgo
skulde han fara klokare. Han skulde syne dei vise
Her-rane at han ikkje var nokon Kastekjepp; han skulde
tala for Fedrelande. Denne Tanken gjorde at han vart
rolegare. Og Tala for Fedrelande tok han til aa halde
med seg sjølv; og det gjekk godt: «Mine Herrar!
Under all vaar Strid ... er der daa eit Namn, som ... naar
det vert nemnt... fær oss til aa gløyme ... alt det som
kann skilja oss aat... og til aa... gjeva kvarandre
Bro-derhand...» — Underlegt nok, tenkte han, at ingin av
dei andre heller tala for Fedrelande. Er det ikkje fint
kannhende? Jau visst maa vel det vera fint. Det er
berre Internasjonale som trur, at Fedralande ikkje er
noko . . . «— gjeva kvarandre Broderhand ... liksom
Fedrane paa Eidsvoll... Ja, mine Herrar! dei store
Minni... Sogo ... I Rosenlund under Sagas Hall... dei
store Fedrane, Vikingane som vann heile Rike... alt
dette ... dei høge Æsir... og Aasyn jur... og dei høge
Helte-Skapnader som vandrar gjenom Soga... dei høge
Haakonar... dei høge Olavar ... Og endaa hev me
Mennar som... vil vaage Liv og Blod...» —
— Herr Jokum sat ved Borde og nikka; paa Bringa
hadde han Olavsordenen. Men Grosserar Storr stod og
glodde paa Daniel med heite Augo og sagde, at
Fedralande var ... Fedralande var... han vilde segja ei Frase.
212
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>