Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel med, heller raud um sine Kjakar. Men, heldt
Storr fram, berre Bøndane vaare kom til Amerika, so
vart dei som Folk av eit anna Slag. Det var ingin der
som fortalde deim at dei skulde stole paa Vaarherre;
der lærde dei at dei skulde hjelpe seg sjølve; og naar
dei hadde lært det, so klara dei seg sjølve; for arbeide,
det kunde dei! — Daniel kom seg ikkje til aa segja
Storr imot i Kveld. Han hadde Rett i sümt; serleg var
der mykje i det han sagde um Bøndane.
— «Oh, oh, oh!» lo Aslak Fjordan burt i Kroken sin,
han vart meir og meir høgmælt; «eg held med deim
som vil ha Prestane avtekne, eg; der er eg med; oh!
oh! oh! dei Svinebeisti. Stend dei ikkje der og lyg so
det renn av deim kvar Guds skapte Sundag! Trur dei
ikkje me veit at Jesus vart Gud paa Kyrkjemøte i Nikæa
300 Aar etter han var daud ? ho-oh-oh! utnemnd til Gud
med simpelt Fleirtal? Og Fleirtal fekk han, av di
Keisaren gjekk med! hadde Keisaren gjengi med Arius daa,
som han gjorde fleire Gongir fyrr, so hadde Jesus aldri
i Verdi vorti Gud! Det veit dei, Svinebeisti!» — Hu,
for eit Skravl. For Raaskap i Tanke og Tale; sjølve
Dialekten var simpel! Men Gregus Johnsen sat og nikka
og totte Aslak tala godt; kannhende livde han paa Aslak
i denne Tid. Ender og Gong strauk han seg gjenom
Haare; heldt so Fingrane framfor seg og stirde paa
deim med myrk Andlitsbragd; vilde sjaa um det hadde
fylgt Haar med,.. ein Tokke av noko forkomi,
armods-legt, fantefari fekk Daniel, naar han saag paa desse
Karane; han snudde seg ifraa deim med Mothug.
«Ja Gu vaagar han seg inn!» sagde Endre Storr
laagt og stirde mot Døri. Daniel fylgde Augo hans og
fekk der sjaa ein Mann, som han totte han skulde
kjenne. Jau; han kjende Mannen. Det var Olai Bruvik.
«Det er ein norsk Odelsbonde det,» sagde Storr. «Sjaa
218
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>